Det går mot tøffare tider i dei maritime næringane. Mykje tyder på at det kan bli permitteringar og tøffe omstillingar. Mørekonferansen samla mange flinke hovud i Ålesund i dag. Desse er grunnlaget for at den maritime nærings skal overleve.
Må henge med
Under konferansen blei stoda for den maritime bransjen drøfta grundig.
– Dette er dei argaste båtane i verda, seier Sivert Skårn, senioringeniør i Vard Design. Han viser stolt fram teikningar av nye skip som har teke form på datamaskiner og teiknebrett.
Men no går det mot vanskelegare tider. Og den internasjonale konkurransen er knallhard.
- Les også:
– Viss vi ikkje blir flinkare på alt, blir vi akterutseglt. Vi vil misse den unike posisjonen vi har i dag, seier Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar Maritimt Forum Nordvest.
For lite forsking
Næringsminister Monica Mæland (H) deltok på Mørekonferansen. Ho meiner det er for lite maritim forsking i Møre og Romsdal,
– Sjølv om Møre og Romsdal er veldig innovativ er det for lite forsking og utvikling i bedriftene. Er det noko vi er nøydd til å vere flinkare til, er det å forske og utvikle oss, sa Mæland.
Ny kunnskap må til
Også aktørane i bransjen meiner at ny kunnskap og nye idear må til.
– Vi er i verdstoppen i dag, men dersom vi sov på post misser vi posisjonen. Forsking er stikkordet for vidare utvikling, seier Arnfinn Ingjerd.
Hos dei kreative og skapande innan skipsbyggingsindustrien får signala frå næringsministeren ei god mottaking.
Kjell Urke som er avdelingsleiar i Vard Design forventar at næringa no skal få god støtte frå sentralt hald for det dei ønskjer og har vilje til å skape.
– Vi forventar at næringsministeren støttar alle maritime bedriftene vi har på Sunnmøre. Vi må samarbeide om å ta fram det morgondagen vil krevje av ny teknologi, seier Urke.