Hopp til innhold

Foreldre føler seg framande i kyrkja

Prestane legg no ein slagplan for å få fleire barn til å døype seg. Prost Svend Klemmetsby har intervjua dei som valde bort dåpen. Enkelte meiner dåpen er høgtsvevande og upersonleg.

dåp

Ikkje sidan førkristen tid har det vore så låge tal på barnedåpar i kyrkja.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Seks månader gamle Mina Giskeødegård Holm er ein av mange norske babyar som har hatt namnefest i staden for dåp. Pappa Erlend Giskeødegård Holm frå Giske på Sunnmøre er ikkje kristen og meiner difor det hadde blitt feil å døype Mina.

– Det hadde vore litt ekkelt å stå i kyrkja, der presten seier at du skal oppsede barnet i kristen tru og så hadde eg ikkje gjort det likevel. Det handlar om å ha respekt for presten og kyrkja. Eg ville ikkje stå der og lyge, seier barnefaren.

Erlend og Kariann Giskeødegård Holm

Erlend og Kariann Giskeødegård Holm valde å ikkje døype Mina.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

LES OGSÅ:

Svakare gudstru

Ikkje sidan før Noreg vart kristna har det vore så få dåpar i kyrkja. I fjor var det under 60 prosent av dei som er medlem av den norske kyrkja som døypte barna sine. Sidan 2010 har talet på dåpar sokke med 15 prosent, ifylgje tal frå Statistisk sentralbyrå

Prost i Nordre Sunnmøre, Svend Klemmetsby, har fått i oppdrag frå bispemøtet å undersøke kvifor færre døyper barna sine. Han ser at gudstrua er svakare og på vikande front.

– Før følgde folk tradisjonen i kyrkja, medan i dag vil dei unge foreldra vere tru mot si eiga overtyding og let vere å døype, seier Klemmetsby.

Svend Klemmetsby

Prost Svend Klemmetsby seier at mange føler seg framande i kyrkja og velger difor bort dåpen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Høgtsvevande

Fleire av foreldra synest ikkje det er naturleg å velje dåp når dei ikkje er kristne. Det å føle seg framand i kyrkja gjer at dei ikkje har lyst til å ha dåp.

Nokre av dei prosten intervjua opplever også at gudstenestene med dåp er høgtsvevande og lite personlege. Prosten er uroa over at dåpstala er held fram med å falle.

– Det er ei utfordring for kyrkja og betyr auka satsing på å betre dåpsarbeidet, seier Klemmetsby.

Ville døype

Hadde mamma til vesle Mina fått bestemme, hadde jenta mest truleg vore døypt i kyrkja. I staden for inngjekk paret eit kompromiss. Kariann Giskeødegård Holm fekk kyrkjebryllaupet ho ynskte seg, mot at framtidige barn ikkje skulle døypast.

– Dåp er ein sterk tradisjon. Det var fleire som vart skuffa då vi ikkje døypte, men vi hadde ein kjempefin namnefest, seier Kariann Giskeødegård Holm.