Hopp til innhold

Anbefaler å sende for tidleg fødde til Trondheim

Ei ekspertgruppe meiner at Ålesund sjukehus ikkje oppfyller krava og meiner dei minste premature bør sendast til St. Olavs i Trondheim.

neonatal

Ålesund og Trondheim kjemper om kven som skal få behandle de aller minste barna frå Møre og Romsdal

Foto: NRK

Fagmiljøa har ikkje blitt samde om kvar dei minste nyfødde barna skal bli behandla. Sidan juni 2015 har Helse Midt Norge jobba med å få like reglar for behandling av premature barn.

Både Ålesund og Trondheim tar imot barn fødd heile ned i veke 23. Ei uavhengig ekspertgruppe har no konkludert med at nyføddavdelinga ved St. Olavs oppfyller krava for å behandle dei aller minste, men det gjer ikkje avdelinga i Ålesund.

Dei anbefaler difor at Helse-Midt Noreg samlar behandlinga av barn fødde før veke 26 i Trondheim. Dersom avdelinga i Ålesund skal tilby denne behandlinga, er det naudsynt at nyføddlegane opparbeider kompetansen i tråd med krava, står det i rapporten. Dei skriv også at dei ikkje finn det naudsynt å legge vesentleg vekt på reiseavstanden mellom Ålesund og Trondheim.

LES OGSÅ:

Ikkje overraska

Ove Økland

Ove Økland er klinikksjef for barn og unge i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

– Det er ingen overraskande konklusjon. Vi har visst sidan Helse Sør-Øst gjorde si store utgreiing om kvar dei minste barna skulle bli behandla, at dette ville bli mønsteret for heile landet. At dei minste skulle sentraliserast til regionsjukehus, seier Ove Økland. Han er klinikksjef for barn og unge i Helse Møre og Romsdal.

Han meiner at det er faktafeil i rapporten og at det ikkje er forskjell i kvaliteten mellom Ålesund og Trondheim. Begge er små klinikkar.

– Hovudpoenget her er at dette er nasjonale føringar uavhengig av faglege parameter, som vi må rette oss etter, seier Økland.

Sikre god kvalitet

Fagdirektør Kjell Åsmund Salvesen i Helse Midt-Norge seier at arbeidet som er sett i gang er viktig for å skape tryggleik, sikre god kvalitet og eit likeverdig tilbod. Den faglege vurderinga som er gjort kjem til å vege tungt, men dei kjem ikkje til å konkludere endeleg før fagmiljøa har blitt involverte.

Kjell Salvesen

Fagdirektør Kjell Åsmund Salvesen i Helse Midt-Norge seier at det er ikkje gjort ein endeleg konklusjon.

Foto: Roar Strøm/NRK

– Vi har bestemt oss for at vi skal legge fram ei anbefaling for styret i Helse Midt-Norge når vi har sett saka i ein større samanheng, og tatt inn forhold som kompetanse, samarbeid og økonomiske forhold, seier Salvesen.

Moment som det å transportere gravide som kan føde for tidleg, kjem også til å bli vurdert.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.