Hopp til innhold

Følgde fotspor i snøen – fann den skuldige

Politiet følgde fotspor i snøen etter hærverk på fleire parkerte bilar på Blindheim i Ålesund natt til søndag. Det førte dei til den skuldige. Dette er politiloggen for natt til søndag.

Politi

ILLUSTRASJONSFOTO: Politiet følgde fotspor i snøen og fann mannen som hadde gjort skadeverk på ein rekke bilar på Blindheim natt til søndag.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Natt til søndag blei det gjort skadeverk på fem parkerte biler på Blindheim. Blant anna blei det knust vinduer på fleire av bilane.

– Politiet følgde spor i snøen og lokaliserte gjerningsmannen i ei leilegheit eit stykke frå staden, opplyser vakthavande operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt.

Ein mann i 20-årene blei tidleg søndag morgon sett i arrest, og han blir meld for forholdet.

Familievald

Like før klokka to fekk politiet på Hareid melding om ein gut i tenåra som gjekk til angrep på eigne familiemedlemer i ein privatbustad.

– Guten blei henta av politiet og sak blir oppretta, det opplyser vakthavande operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt.

I Sula melde ein mann i tjueåra frå til politiet at han hadde blitt slått og påført ein del skader av ein namngitt mann i trettiåra. Valden skal ha skjedd i ein privatbustad. Saka blir meldt.

Bråk på utestad

Ein mann i trettiåra blei sett i drukkenskapsarrest etter at han nekta å forlate ein utestad i Ulsteinvik natt til søndag. Mannen oppførte seg også trugande mot dørvaktene på staden, og blir meldt for forholdet.

Også ei kvinne i Ålesund måtte overnatte i politiarresten denne natta. Kvinna i tjueåra var rusa, kranglete og plagsam på ein utestad i Ålesund. Ho blei pålagt å fjerne seg, men klarte ikkje å halde seg unna, og blei difor tatt med inn av politiet.

I Ålesund blei ein mann i tjueåra lagt i bakken etter at han kom i slåstkamp på ein utestad. Mannen hevda at han leikeslåst med ein kompis, men blir meld for ordensforstyrring.

Promillekøyring

I Eide, på Nordmøre, køyrde ein mann i trettiåra i grøfta natt til søndag. Det er mistanke om promillekøyring.

Laster Twitter-innhold

Feststøy

Politiet på Nordmøre og Romsdal fekk i løpet av natta fleire meldingar om støy frå ulike festar i Molde og Kristiansund. Dei festglade personane fekk pålegg om å dempe seg, og i eitt tilfelle avslutta politiet festen.

Laster Twitter-innhold