Hopp til innhold

Har aldri opplevd så mange fluger på fjellet før

Per Sigvald Hoggen er ein rutinert fjellgåar, men har aldri vore omringa av så mange fluger før.

Flugeinvasjon

Per Sigvald Hoggen fekk øydelagt fjellturen av fluger søndag. Han er vand med at det er fluger på fjellet i juni, men har ikkje opplevd makan.

Foto: privat

Søndag la Per Sigvald Hoggen og kona Eli Bente ut på ein fem timars fjelltur til Hestehornet i Ørsta. Dei starta tidleg om morgonen i strålande solskin og vindstille.

– Det er bratt og vi tok det som ei treningsøkt og starta hardt. Med ein gong vi vart sveitte kom flugene, fortel Per Sigvald Hoggen.

LES OGSÅ:

Ei sky av fluger

Han er vand med at det er mykje fluget i fjellet i juni, men har aldri opplevd makan. Sjølv meiner han det må ha vore fluger i tusental i ei sky rundt ekteparet. Han trur den milde vinteren og våren kan vere årsaka. Teorien hans er at fleire larvar har overlevd.

– Fjellturen vart meir eller mindre øydelagt av fluger. Det var ingen koseleg tur, seier Hoggen.

Han prøvde å vifte vekk insekta med t-skjorta si, og kunne puste letta ut då det skya over og vart meir vind. Då vart mesteparten av flugene borte. Likevel blir det ingen fleire fjellturar i finever i juni på han.

Fluger

NRK-journalist Arne Flatin opplevde mykje fluger på fjelltur. Han tok bilete av handa si.

Foto: Arne Flatin

Grusom oppleving

Også Janne Giske fekk oppleve flugene på kroppen då ho var på fjelltur. Saman med fleire venninner gjekk ho på Vikenakken på Ellingsøya i Ålesund førre veke. Også då var det fint ver og vindstille. Plutseleg vart kvinnene omgitt av fluger.

– Det var ei grusom oppleving. Det er det verste eg har opplevd på fjellet i mine levedagar, seier Giske.

Hissige fluger

Ho har ikkje tal på kor mange fluger som kretsa rundt henne då ho kom på toppen av fjellet.

– Flugene var hissige og eg måtte ta jakka over hovudet for å beskytte meg, fortel Giske.

Dei andre venninne la ut på ny tur neste dag, men Giske orka ikkje vere med på grunn av insekta. Ho ville vere trygg på at flugene var borte før ho gjekk på fjellet att. Først i går turde ho å prøve igjen og då var ikkje flugene noko problem.

– Eg kjem ikkje til å gå på lange fjellturar med det første. Dei må vere så korte at det er raskt å kome seg heim dersom flugene kjem, seier Giske.

Preben Ottesen

Preben Ottesen ved avdeling for skadedyr hos Folkehelseinstituttet, trur flugene er ute etter sveitte.

Foto: Folkehelseinstituttet

Ute etter sveitte

–Flugene tilhøyrer mest truleg muscidaefamilien, seier Preben Ottesen ved Folkehelseinstituttet. Det er same familie som husfluga og om lag hundre andre flugeartar.

– Det verkar som flugene er interesserte i å suge sveitte frå menneske og dyr. Dei finn næring og salt frå sveitten, seier Ottesen. Han forsikrar om at desse flugene ikkje bit.

Mange av desse flugene utviklar seg i dyremøkk og i fjellet kan dei til dømes kome frå hjorteekskrement.

Insektsmiddel

På same måte som at myggen kjem fram når det er varmt og og vindstille, er det også enklare for fluga å flyge til matkjelda i fineveret. Ottesen trur det er i desse tider at det er klekketid for fluga og så vil det gi seg ein del utover sommaren.

– Det vil ikkje hjelpe med insektsmiddel mot flugeplagene, men har du på deg ein del klede får dei mindre høve til å krype rundt på deg, seier Ottesen.

Forbigåande fenomen

Ved Ålesund og Sunnmøre turistforening har dei også høyrt om folk som klagar på uvanleg mykje fluger i fjellet. Dagleg leiar Linda Flem trur dette er eit forbigåande fenomen.

– Eg trur dette er snakk om berre ein kort periode der det er varmt i veret, og det er ikkje noko stort problem. Det varierer også kva fjell du går på, seier Flem.

Ho vil at folk skal halde fram med å gå på fjelltur og ikkje slutte på grunn av fluger.