Hopp til innhold

Flø, no også med flystripe

Dei har det meste på Flø: Kunstgalleri, fantastisk natur, funkishus, og no også flystripe.

Sjå Einar-Arne Kleiven i lufta med mikrofly over Flø

Einar-Arne Kleiven (45) er frå Flø. Rett nedom den einaste vegen gjennom bygda har han laga til ei landingsstripe for det flunkande nye mikroflyet sitt.

Mykje arbeid med mikroflyet

Mykje arbeid med mikroflyet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Flyet er knallgult og han har brukt 1200 arbeidstimar fordelt på fem år heime i garasjen for å gjere vidunderet ferdig.

Til vanleg står flyet trygt plassert i hangar på flyplassen i Ørsta (Hovden), men i det flotte septemberveret nyttar han høvet til å flyge til og frå heimebøen.

Mikroflyet til Einar-Arne Kleiven

Mikroflyet til Einar-Arne Kleiven.

Foto: Arne Flatin / NRK

Han har vore inspirert av fly frå han var gutunge. Mora, Snefrid Kleiven, fortel at sonen vart fasinert av den gamle flygaren Dagobert "Dagen" Hareide som flaug mykje med småfly på Hareidlandet for ein del tiår sidan.

- Eg er ganska sta

Mykje fritid har gått med, men femti prosent av jobbinga har skjedd på kveldstid etter klokka 22:00, etter at dei to jentene hans har gått til køys. Han har nok vore freista av og til på fine dagar til å gjere noko anna enn å stå på arbeidsromet i garasjen og lage delar til mikroflyet sitt, men han er ganske sta.

Flyet har 100 hestekrefter og det er meininga å få flottørar på mikroflyet. Rullebana på Flø er på om lag 140 meter, men normalt treng han berre 40 meter for å ta av.

- Eg trur eg har klart å bygge flyet under 400 000 kroner, deromkring. Om eg skulle ha selt flyet no skulle eg hatt ein del meir for det. Eg vil også påstå at dette flyet er finare enn det som kjem frå fabrikk.

Møt mikroflybyggar Einar-Arne Kleiven