Hopp til innhold

Denne boksen avslører passjuks

Kvar einaste dag er 800 personar som søkjer om opphalds- og arbeidsløyve innom eit skattekontor i Noreg. Stadig fleire av desse blir tekne med falske pass.

Skatteetaten si skanneboks

Med denne boksen stoppar Skatt Midt-Noreg dei som vil skaffe seg opphald eller arbeidsløyve ved hjelp av falske pass.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Per Helge Rise

– Betre utstyr og kompetanse er avgjerande for å avsløre falske pass, seier Per Helge Rise.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Mange av dei som har falske pass prøver å framstå som om dei er frå EØS-området. På denne måten vil dei få lettare tilgang til både arbeid og opphald i Noreg.

– Det er synd, fordi dei snik framfor dei som har rett til å kome hit, seier politioverbetjent Svein Rike i Sunnmøre politidistrikt.

Han fortel at problemet ikkje er stort i omfang, men at det fører til problem for dei som faktisk har rett til å kome til landet.

Ny teknologi

Skattekontoret i Ålesund er eitt av sju kontor som sjekkar passa til folk som søkjer om arbeids- og opphaldsløyve i Midt-Noreg. No avslørar dei stadig fleire falske pass.

– Betre kompetanse og utstyr, bruker avdelingsdirektør Per Helge Rise i Skatt Midt-Noreg som grunn for at dei no tek fleire passjuksarar. I Midt-Noreg er like mange tekne til no i år, som i heile fjor.

I heile Noreg har no skattekontora lært opp sine tilsette til å sjekke om pass og identifikasjonspapir er ekte. 41 kontor rundt om i Noreg tek i mot søknader, og undersøkjer om folk har rett til å arbeide eller bu i Noreg. Nytt teknisk utstyr er heilt grunnleggjande for å kunne avsløre dei falske passa.

– Her er maskina der me skannar, seier Per Helge Rise. Han står inne på eit rom på Skatt Midt-Noreg sitt kontor i Ålesund. Maskina kontrollerer dei sikringselementa som er bygd inne i passa, slik at om det dukkar opp avvik er det eit teikn på at passet er falskt, seier han.

Rise med skannemaskin

Maskina kan gje svar på om eit pass er falskt med ein gong det er skanna, fortel Per Helge Rise.

Foto: Åge André Breivik / NRK
Maskina er avgjerande

I heile 2012 kom dei over fem slike falske pass i regionen. Så langt i år har dei allereie nådd like mange. Maskina som skannar passa er heilt avgjerande, fortel avdelingsleiaren.

– Det er heilt umogleg å sjå om eit pass er falskt utan maskina, fortel han.

Dei aller fleste land har i dag elektronisk lesbare pass. I desse ligg det elektronisk informasjon, og signaturar som maskinene i Noreg kjenner att.

I heile Noreg er det så langt i år 19 personar som er stoppa med falske pass. I heile 2012 var det 66 personar som vart stoppa.

Skatteetaten får ros frå politiet for det arbeidet dei utfører med kontroll av pass.

– Skatteetaten har blitt flinkare til å avdekkje falske pass, og det kan vere grunnen til at det er fleire som no blir tekne, seier Rike.

Viktig jobb

Jobben blir uansett sett på som viktig. Når Skatteetaten finn eit falskt pass, gir dei straks beskjed til politiet, som vanlegvis dukkar raskt opp for å ta hand om personane.

– Dette arbeidet er viktig fordi at ingen skal kunne melde flytting inn til Noreg utan lov, seier avdelingsdirektør Rise.

Passa som blir oppdaga er veldig like dei ekte passa, men gir likevel etter for maskinene som leitar etter feil. Trass i gjennomførte forfalskingar, ligg det fleire elektroniske signaturar i passa, som avslører kven som juksar.

Om det er fleire som juksar, er ikkje Rise sikker på.

– Det er vanskeleg å seie. Me har mykje betre kompetanse og utstyr no enn me hadde for nokre år sidan. Og det har vist seg at me klarer å avdekke stadig fleire falske pass, fortel avdelingsdirektøren.