Hopp til innhold

Fleire menn på krisesenter

Stadig fleire menn søker hjelp ved krisesentra. I Molde er ein av tre brukarar no ein mann, mot ein av fire i fjor.
 

Dagleg leiar Ingrid Horsgård trur at talet på menn framleis kjem til å stige, etter kvart som det blir kjent at krisesentra også er for menn.

Til no har det vore mest vanleg at menn får råd og rettleiing, medan kvinnene også treng eit butilbod ved senteret.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL