Er du blant dei som rynkar på nasen når "best før"-datoen på biffen nærmar seg? Då er du truleg meir aleine enn du var klar over. Mange har no oppdaga at dei kan spare både miljø og lommebok ved å leite litt ekstra i butikkhyllene.
– Det gjer sikkert ingenting om du fryser denne pakken her, seier Randi Fladmark med ein halvkilo kjøttdeig i hendene.
–Nei, dette er kjempefint til pizza og alt. Eg har nokre gongar tømt ei heil rad her eg, stemmer Inger-Johanne Kverndokk i og peiker på disken med matvarer.
Dei to damene er på handletur og er tydelege på at dei set pris på tilbodet i butikken.
Populær «restekorg»
Hos Meny Hatlane i Ålesund har dei det siste året lagt til rette for at slike varer er lette å finne. Dei har ein eigen kjøledisk med varer som snart går ut på dato. I følgje kjøpmann Gjermund Espeland er det noko kundane veit å setje pris på.
– Så lenge vi legg det i denne disken før datoen går ut, er det stadig nokon som tittar opp i for å sjå om dei kan finne seg eit kupp til middag, seier han til NRK.
Kastar mat for milliardar
Årleg kastar kvar nordmann vel 46 kilo matvarer i søppelet. Tilsaman utgjer dette mat for 12 milliardar kroner, viser nyare forskning.
For kjøpmannen er dette ein vinn-vinn-situasjon.
– Det minsker jo svinnet i kroner for oss. Og så er det jo ikkje kjekt å kaste mat, det blir jo meiningslaust. Så vi er veldig fornøgde med dette, og det er tydelegvis kundane også, seier Espeland.
- Sjå tv-innslag her:
Familen syns det er ok
Dei to damene på handletur er ikkje i tvil om at også fleire kan nytte seg av dette. Dei trur det blir kasta mykje varer som er godt brukandes.
– Mange gongar held det seg nokre dagar etterpå også. Det kjem jo an på temperaturen det blir lagra ved også, seier Kverndokk.
– Men kva seier familien til å få gårsdagens varer då?
Det veit dei ikkje noko om. Og om eg seier det så er det heilt greit. Dei veit at eg prøver å spare, seier Kverndokk.