Hopp til innhold

Fleire innbrot og tjuveri - to pågripne

Politiet melder om to innbrot og tjuveri frå bustadhus på Valle i Skodje. Begge blei varsla i natt. Og i morgontimane er det varsla om innbrot i ein klesbutikk i Ålesund.

Innbrudd i butikk i Ålesund

INNBROT: Frekke tjuvar braut seg inn i denne butikken i Storgata i Ålesund natt til søndag.

Foto: Frode Berg / NRK

To gongar i natt rykte politiet ut til bustader på Valle i Skodje etter melding om innbrot og tjuveri.

Det gjekk berre eit par timar mellom dei to meldingane, og ein patrulje rykte raskt ut og sikra spor.

Ved det siste innbrotet trur politiet at ugjerninga skal ha skjedd i går kveld eller natt.

I løpet av natta eller morgonen har det dessutan vore innbrot i ein klesbutikk i Ålesund sentrum. Der har tjuvane kome seg inn ved å knuse eit vindauge i ei ytterdør. Politiet undersøkte staden i formiddag, og pågreip raskt to personar. Dei blei pågripne heime som den eine antatte gjerningspersonen.

Blei tidleg varsla

Vakne naboar skal ved minst eit av desse tilfella ha gjort at politiet blei tidleg varsla. Den eine staden kom tjuvane seg inn gjennom eit vindauge som stod i luftestilling.

Sølvtøy innbrudd

Fleire stader er det meldt om at sølvtøy er tatt. (illustrasjonsfoto).

Foto: Politiet

Frå den eine bustaden er det førebels uvisst kva som er stole, men det er rota rundt i einebustaden. Frå den andre er det stole mellom anna sølvtøy.

Det er nærliggande å tru at det er samanheng mellom dei to innbrota på Valle. Men politiet ser også om det er fellestrekk ved to innbrot og tjuveri i Hareid, eit på Vatne og dessutan ved Stordal skule.

Politiet har førebels ingen mistenkte når det gjeld bustadinnbrota, og ønskjer tips i alle sakene.