Hopp til innhold

Fleire hundre deltok i sykkelritt

I strålande solskin gjekk det åttande Molde Challange av stabelen i dag. Mange hadde møtt opp for å teste sykkelevna sine i det fine vêret.

sykkelritt molde
Foto: Privat

– Det har vore kjempeflott. I år har vi faktisk hatt ei auke på talet på deltakarar, seier ein nøgd rittleiar Ole Kristian Silseth.

Det er åttande gong terrengsykkelrittet Molde Challenge arrangerast, og Silseth var glad for stabile påmeldingstal.

– Medan andre sykkelritt av denne typen har opplevd ein betydeleg nedgang i år har vi hatt ei auke. Det er svært gledeleg at vi kan halde fram med dette år etter år.

Opent for alle

Solskin frå blå himmel skapte optimale forhold før start. Ein politibil køyrde i front det fyrste stykket for å sikre at alle kom seg trygt gjennom trafikken. Om lag 250 syklistar stilte til start.

Rittet har tidlegare vore kåra til Noregs beste terrengritt og det har vore vert for både NM Maraton samt Norgescup Maraton dei siste åra.

I år kunne ein velje mellom eit turritt på (13-14 år), 30 km (15-16 år) og 44 km (voksen) ein 20 km trimritt utan tidtaking og eit Labb og Line sykkelritt for barn. 0–12 år.

Silseth seier det har vore sentralt for dei å skape eit ritt som alle kan delta på.

– Vi vil heller at folk deltek i rittet enn at dei står på sidelinja og heiar. Dette er ikkje eit ritt som berre er for «proffsyklisten». Det er like mykje eit ritt for mannen i gata.

– Arrangementet er for alle som bruker sykkel, uansett formål. Og så er det veldig sosialt for alle som deltek, held han fram.

Utnytte naturen

– Fokuset vårt har vore å skape ei god oppleving i fine omgivnadar, seier Silseth.

Han meiner det viktigaste er å skape ei god sykkeloppleving for dei som deltek, og samtidig utnytte nærområdet.

– Vi vil at folk skal oppleve dei sykkelmoglegheitene som faktisk finst her i området, og vise dei at det finst mange alternative sykkelvegar til å sykle i trafikken, seier Silseth.

– Vi har utruleg flott natur her på Møre, då er det kjekt å kunne utnytte den, held han fram.

Silseth håpar sykkelrittet kan føre til auka interesse for sykkel.

– Måler er å gjere folk litt nysgjerrige, og så vil vi sjølvsagt at dei skal sjå kor kjekt det kan vere.

Varmt

Det einaste som skapte problem for dei frammøtte syklistane var det varme vêret som har prega fylket vårt den siste tida.

– Vi tilbyr ferdig blanda drikke til syklistane nokre kilometer før mål, og det har aldri gått så mykje som det gjorde i år, seier Silseth og ler.

– Det var nesten for varmt. Vi Romsdalingar er ikkje vand med eit slikt vêr, held han fram.

Likevel var han nøgd med vêret.

– Men det har vore perfekte forhold sann sykkelmessig. Det er ikkje like lett å få folk til å møte når det er 12 grader og regn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL