Hopp til innhold

Filmhyllest til Molde

Film-fotograf Trygve Berge har laga hyllest til Molde og Romsdal på film. Han har hatt lyst til det i mange år. No har han endeleg gjort det.

Video Film-hyllest til Molde

Trygve Berge

Trygve Berge

Foto: Omar Sejnæs / NRK

- Eg er stadig på leiting etter fine motiv, vi har fjellrekka og vi har fjorden, og sommar som vinter er det like flott - og då er det lett å lage god film om naturen i området her, seier Trygve Berge.

Vinter i Molde

Frå filmen om Molde

Foto: Trygve Berge

Og naturen i Molde og Romsdal er fanga på sitt vakraste og mest spanande gjennom den 25 minutt lange filmen.


Dagar, veker og månader har gått med til opptak og redigering. Scener er også henta frå det rikhaldige arkivet Trygve Berge har opparbeidd gjennom meir enn 40 år bak kameraet.

Berge legg mykje vekt på å få bileta slik han vil ha dei, sjølv om det er mykje og krevjande arbeid.

- Eg forandrar litt på fargar for å få den rette stemninga i filmen slik at alt også passar til musikken. Dette er det som krev mest arbeid.

Trygve Berge og Ragnar Thorseth

Trygve Berge og Ragnar Thorseth

Foto: Omar Sejnæs

Trygve Berge har fått fleire prestisjefylte prisar for filmane sine. Han er også vide kjent for å ha dokumentert strabasiøse ekspedisjonar saman med eventyraren Ragnar Thorseth. Mellom anna var dei ilag til Nordpolen.

No er film-og tv- veteranen spent på korleis filmen om heimbyen og distriktet rundt blir motteken.