Hopp til innhold

Ferjepengar blir vegpengar i 40 år

Stortinget har alt avtalt at pengar fylka får for å bygge fastlandssamband i staden for ferjer, skal gjelde i 40 år. Det stadfester fleire kjelder til NRK.

Fergen på strekningen Magerholm-Ørsneset

Ferjesambandet mellom Magerholm og Aursneset kan bli erstatta av fastlandssamband, om forkjemparane får det som dei vil. Storfjordsambandet vil kunne knyte Stranda og Sykkylven ferjefritt til Ålesundsregionen.

Foto: Joachim Ose / NRK

– Eg kan forsikre at ordninga med ferjeavløysingsmidlar kjem til å gjelde i 40 år framover, og ikkje i 30 slik det kjem fram i det revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen for neste år, seier Frank Sve (Frp).

Han seier det alt er politisk avtalt mellom regjeringa og samarbeidspartia i Stortinget, at pengane skal betalast ut til fylka i 40 år.

– Det er klokkeklart at det blir ei ordning som skal vare i 40 år, slår han fast.

Frank Sve

Frank Sve frå Framstegspartiet garanterer at fylka kjem til å få pengar tilført i 40 år, dersom dei går over frå ferjedrift til fastlandssamband på strekninga.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Som riksvegar, så fylkesvegane

Sve gjekk alt sist veke ut og sa at pengane som elles ville ha blitt brukt på drifta av ferjene, kjem til å bli med på lasset i 40 år når vegar, bruer og tunnelar erstattar ferjer på fylkesvegane.

Ordninga som regjeringa no foreslår, har til no berre eksistert for riskvegar.

– No vil altså at same ordninga også gjelde for fylkesvegar, seier Helge Orten, stortingsrepresentant for Høgre.

Også Orten stadfester at ordninga skal gjelde i 40 år etter avtale mellom dei fire samarbeidspartia på Stortinget.

Helge Orten

Helge Orten, Høgre, meiner det er svært viktig at ordninga med ferjeavløysingspengar vil vare i 40 år.

Foto: Trond Vestre / NRK

Viktig verknad

Pengane som elles ville gått med til ferjedrift, utgjer i snitt 15 millionar kroner årleg pr. ferje, stadfester Frank Sve. Desse pengane får fylka behalde når dei bygg fastlandssamband i til erstatning for ferjer.

Dette betyr store summar til utbygginga av både Nordøyvegen og Storfjordsambandet, meiner han..

– For Nordøyvegen kan det bety minst 30 millionar kroner i året eller meir.

Også for andre, nye prosjekt der ferjer kan avløysast av vegar, bruer eller tunnelar kan dette betyr mykje, meiner frank Sve.

Positivt

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne, Senterpartiet og leiar i Samferdsleutvalet er nøgd med at ordninga også tek høgde for prisauken dei komande 40 åra.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Oddbjørn Vatne (Sp) som er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, er glad for at ordninga kjem til å gjelde i 40 år. Slik han oppfattar det, blir ordninga også indeksregulert.

– Det er også svært viktig og avgjerande at vi får eit system med indeksregulering. Då beheld vi pengeverdien i åra framover, og unngår negative konsekvensane av kostnadsutviklinga, seier Vatne.

Helge Orten meiner også det er svært viktig at realverdien av avløysingsmidlane skal blir indeksregulert.

– Effekten av å utvide ordninga til 40 år, blir dermed at fylka får auka inntekter knytte til ordninga, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL