Hopp til innhold

Fengsla for overgrep mot fire 15-åringar

Ein 43 år gamal sunnmørsmann er dømd til fengsel i eitt år og 11 månader for gjentekne seksuelle overgrep mot fire 15 år gamle gutar. Ein av dei var han fadder for.

Lovbok / Norges lover
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Den 43 år gamle mannen må no i fengsel, etter at Sunnmøre tingrett rett før helga dømde han til fengsel i 1 år og 11 månader for gjentekne seksuelle overgrep mot fire 15 år gamle gutar.

Ifølgje dommen skal overgrepa ha skjedd i perioden frå 2001 til 2006, med fire uavhengige gutar. Den eine guten var han fadder for, dei tre andre kom han i kontakt med på ulike måtar.

Ifølgje dommen kjenner ingen av dei fire gutane kvarandre, og ingen av dei visste om at dei andre også var utsette for overgrep.

Etterforskinga starta etter at ein av gutane melde mannen til poliitet i januar 2013. Ei ransaking heime hos han viste at han hadde både foto og filmar med overgrep mot barn.

– Opparbeidde tillit

Ifølgje dommen er handlingsmønsteren det same overfor alle fire gutane. Tiltalte har for det første opparbeidd tillit til dei på ein kameratsleg måte. Dei har gjort aktivitetar saman og drukke alkohol ilag.

Retten meiner det er straffskjerpande at han har misbrukt tillitsforholdet til gutane, ikkje minst den posisjonen som han hadde overfor fadderbarnet sitt.

Filmar og bilete

Mannen er også dømd for å ha oppbevart om lag 2500 bilete og 72 filmar som viste overgrep mot barn. Han er vidare dømd for å ha vidaresendt slike bilete, og for å ha fått ein gut til å ta bilete og filme underlivet sitt.

Aktor la ned påstand om to år og 9 månader i fengsel, medan forsvararen meinte han burde frifinnast for punkta om overgrep mot gutane, og heller ikkje burde betale erstatning til dei.

Meiner det skjedde frivillig

43-åringen vedgjekk ikkje i retten å ha forgripe seg mot gutane, men meiner det foregjekk frivillig og etter at dei var 16 år gamle. Han har difor ikkje vedgått straffskuld for overgrepa, men vedgjekk dei andre tiltalepunkta.

Retten festar ikkje tvil til mannen si forklaring, men dømde han for overgrepa. Ifølgje dommen er det vist til at det er straffskjerpande at overgrepa har skjedd gjentekne gongar.

Mannen må betale dei fire gutane til saman 250 000 kroner i erstatning.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL