Hopp til innhold

Sirkusdyr på rømmen: To hestar, to ponniar og eitt bråkete esel

Sidan fredag ettermiddag har fem sirkusdyr vore sakna på Nordmøre. – Vi reknar med at dei er samla, for eselet lagar nokre forferdelege lydar om dei andre dreg frå han, seier sirkusdirektøren.

Sirkhushest

Her er éin av sirkushestane til Sirkus Zorba i 2011. No har to hestar, to ponniar og eitt esel tilhøyrande sirkuset forsvunne.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

To hestar, to ponniar og eitt esel er sakna frå ein stall på Kvalvåg i Frei, meldte politiet seint fredag.

– Hestane er framleis ikkje funne, fortel Ronja Gujord laurdag ettermiddag.

Ho er sirkusdirektør i Sirkus Zorba. Saman med ein stor flokk av folk leitar ho no etter fem av sirkusdyra sine.

Dei har truleg trava til fjells.

Ronja Gujord

Ronja Gujord er kjent som Noreg sin yngste sirkusdirektør. No er ho og eit større leitemannskap ute i skogane på Nordmøre og leitar etter fem rømte sirkusdyr.

Foto: Arne Flatin / Flatin

– Plutseleg borte

Det var i femtida fredag at dyra forsvann.

– Dei forsvann frå stallen på Kvalvåg. Plutseleg så var dei borte. Dei har eit stort areal ute i skogen, men vi har leite på heile området utan eitt spor, fortel sirkusdirektøren.

Dei fem dyra står saman på stallen til vanleg, anna enn når dei er ute med sirkuset i varmare tider.

– Dei står i flokk oppe i stallen. Så vi reknar med at dei er samla.

– For eselet lagar nokre forferdelege lydar om dei andre dreg frå han, småhumrar ei lett stressa Gujord.

Truleg på beite

Sirkusdirektøren og kompani har leita sidan dyra forsvann i femtida fredag.

– Vi har vore ute og leita i heile dag, fortel ho laurdag.

– Akkurat no er eg ganske så sikker på at dei står i skogen og et gras. Dei er ikkje på flukt og heller ikkje nære vegane, for då hadde nokon sett dei.

Gujord trur hestane, ponniane og eselet kan stå på ein litt bortgøymt stad.

Saka held fram under bildet.

Thor og Ronja Gujord

Thor og Ronja Gujord driv begge Sirkus Zorba. No håper dei to hestar, to ponniar og eitt esel har det bra i vinterkulden.

Foto: Arne Flatin / NRK

Svært mange ute og leitar

No har ho håp om å finne dyra før det blir mørkt.

– Eg vil helst ha funne dei i går, men no er det så fort som mogleg. Dei toler kulde, men eg håper alt er greitt med dei.

Gujord fortel at eit større leitemannskap er ute på Skogvoll i Kvalvågdalen.

– Eg har ikkje oversikt over kor mange som er ute og leitar lenger.

– Dette spreidde seg fort på Facebook, så no er både familiar, venner og folk ute og leitar. Det set eg og vi veldig stor pris på, avsluttar ho.

Litt over klokka 16.00 kan Gujord òg meddele at sporhundar er på veg.

Dersom du har sett eller høyrt noko om hestane kan du ringe Ronja Gujord på telefon 91 88 90 42.