Hopp til innhold

Fekk spareråd på NAV om å ete hos vener og surfe på nett på jobb

ÅLESUND (NRK): Frank Sørensen (34) trudde han skulle få smarte spareråd, då han melde seg på økonomikurs hos NAV. Men han hadde aldri gjetta kva kurshaldaren skulle foreslå.

Frank Sørensensen

Frank Sørensen meiner råda han fekk på økonomikurset til NAV denne veka, er latterlege. Mellom anna fekk han råd om å kjøpe smør i papirpakningar, ikkje bordpakningar.

Foto: Synnøve Hole

Då Frank Sørensen nyleg melde seg på økonomikurs, var det for å få tips og råd om sparing i kvardagen. Etter eit samlivsbrot kom han for nokre år sidan i store pengevanskar, og er no utan jobb. Dermed kunne eit økonomikurs vere midt i blinken.

Råda dei gir er heilt hårreisande. Kurset verka heilt ok på papiret, men det var heilt til dei begynte å prate, seier Sørensen, som tidlegare denne veka var på økonomikurs hos NAV i Ålesund.

Fekk råd om å handle med musikk på øyret

Notatar frå kurs

Øvst på notata til Frank Sørensen står rådet han fekk om å ete hos vener, for å bøte på dårleg økonomi.

Foto: Synnøve Hole

Den tidlegare seljaren tok notat under kurset, fordi han reagerte såpass mykje på det som blei sagt. Han fortel at dei fekk følgjande råd for å spare pengar:

  • ete middag hos vener og familie
  • surfe på internett på jobb i staden for heime
  • kjøpe margarin i papir i staden for i bordpakning
  • ha musikk på øyret under handlerunden for å vere avslappa, og dermed handle mindre
  • plombere tv-en, seie opp NRK-lisensen og heller sjå på Netflix og YouTube
  • dusje på treningsstudio i staden for heime

Tobarnsfaren hevdar at fleire reiste seg og gjekk halvvegs i kurset, og han oppfatta at dei gjorde det fordi dei var så misfornøgde med innhaldet.

– Tekne ut av samanhengen

Knut Røsok

Avdelingsleiar for NAV Ålesund, Knut Røsok, seier døma er tekne ut av samanhengen dei blei sagt i.

Foto: Synnøve Hole

Men ifølgje Knut Røsok, som er avdelingsleiar i NAV Ålesund, har kurshaldarane fått mange positive kommentarar i ettertid. Ifølgje evalueringsskjema er det fleire som rår andre til å ta det same kurset, men skriv at dei "visste mykje av dette frå før".

Knut Røsok tvilar ikkje på at døma stemmer, men seier dei er tekne ut av ein samanheng. Han meiner nokre av råda, som å ete hos vener og familie, er meir humoristisk meint.

– Kurset handlar om å setje tæring etter næring, altså å få pengane til å strekkje til. Det inneber å gjere smarte grep og forsake, seier han.

– Men er dette gode råd?

– Vi ønskjer å vere konkrete når vi skal seie til folk kva dei bør gjere, men enkelte døme er nok betre enn andre, seier han.

Vil evaluere kursinnhaldet

Kurset er heilt nytt, og har berre blitt arrangert i Ålesund to gongar. No vil dei sjå på om dei skal luke ut nokre av døma, seier NAV-leiaren.

– Det er ikkje alltid slik at alt sit som eit skot. Eg kan forstå at nokre har vanskeleg for å ta desse døma alvorleg, men vi er også svært ulike som menneske. Nokre tek ting bokstavleg, andre tenkjer litt annleis, seier han.

Vil ikkje ha fleire kurs frå NAV

NAV tilbyr økonomikurs

Med fargerike plakatar reklamerer NAV Ålesund for dei nye økonomikursa sine.

Foto: Synnøve Hole

NAV i Ålesund har satsa spesielt på økonomirådgiving. På dei nye nettsidene står det mellom anna: "Hensikta med økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving er å hjelpe deg slik at du blir i stand til å styre økonomien din sjølv."

Frank Sørensen seier han gjerne vil ha hjelp til økonomistyring, men at slike kurs er uaktuelle å vere med på igjen.

Dette er horribelt. Eg meiner råda vi fekk er ein hån, seier han.