Hopp til innhold

Fekk sjå draumejobbane i praksis

Denne veka har karrieredagane gjeve ungdom eit stort innblikk i både utdanning- og yrkeslivet. På Nordmøre blei skrivne brosjyrar bytta ut med yrkeslivet i praksis.

Karrieredagane har denne veka gitt ungdommar eit innblikk i utdanning- og yrkeslivet. Og på Nordmøre blei brosjyrene denne gongen bytta ut med ting som hadde større påvirkning på elevane.

På karrieredagane på Nordmøre fekk dei unge sjå korleis diverse yrke fungerte i praksis. Det gav meirsmak for fleire.

Andreas Holthe Leangen

Andreas Holthe Leangen likte seg godt bak spakane på ei større gravemaskin.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Monika Eeg

Monika Eeg meiner karrieredagane er viktige for både unge og næringslivet.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Patrick Reurink

Patrick Reurink håper dei unge likte det dei fekk prøve og sjå.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Kanskje var det den praktiske delen som påverka mest. Det store spørsmålet «Kva skal du bli når du blir stor?», er ikkje alltid enkelt å svare på, men når ein først finn noko ein likar, så kan det fungere livet ut.

– Dette er det beste eg har gjort på lenge, altså, sa Andreas Holthe Leangen, like etter å ha manøvrert ein større gravemaskin.

Det står igjen å sjå om den unge mannen kjem til å jobbe med gravemaskiner i åra som kjem, men ein stor prøvesmak har han i alle fall fått.

Det har mange andre tiandeklassingar på Nordmøre òg fått, gjennom karrieredagar der aktiviteten var stor.

– Vise fram moglegheitene

Ambulansefag, yrkesfag, politi, petroleumslogistikk, sjukepleie, idrett, dans og drama. Moglegheitene er der.

– Hensikta med ein slik dag er at vi skal vise fram dei moglegheitene som finst i regionen innanfor utdanning – og arbeidsmoglegheiter når dei kjem dit, seier Monika Eeg, dagleg leiar i Nordmøre næringsråd.

I tillegg til at unge blir inspirerte, er karrieredagane òg eit stort utstillingsvindauge for næringslivet.

– Vi kan aldri byrje tidleg nok å vise fram kva moglegheiter og oppgåver dei kan ha i bedriftene våre, seier Patrick Reurink.

Han er prosjektleiar i SIV Industri-inkubator AS, og fortel at alt får privat næringsliv til offentleg forvaltning blir informert om.

Stakk seg klokare

For å kome nokre hakk nærare svaret på kva draumejobben er, var det heller ikkje dumt å luke vekk nokre alternativ.

– Eg køyrde over ei flaske, smiler Emma Andersen Brevig medan ho styrer ein truck.

– Det er ikkje trucksjåfør du skal bli?

– Nei, eg trur ikkje eg vil satse på det. Det blir nok heller noko innanfor helse, lege eller slikt.

Og gjennom ein lang karrieredag fekk ho nettopp sjå om helsefag var noko for henne.

– Vi fekk prøve litt, setje sprøyter og slikt, fortel tiandeklassingen – som meiner dagen var svært bra.

– Dette er kjekkare enn utdanningsmesser og brosjyrar?

– Ja, mykje kjekkare, avslutta Andersen Brevig.

Emma Andersen Brevig

Emma Andersen Brevig vil helst jobbe innan helse.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK