Hopp til innhold

Timbuktu: - Det kjentes ut som jeg var med i Brødrene Dahl

RaumaRock handlar ikkje berre om konsertar. Den svenske rapparen Timbuktu fekk prøve seg på elvepadling før konserten fredag kveld.

Timbuktu fekk prøve seg på elvepadling før han skulle halde konsert på Raumarock.

LOVAR TRYKK: Timbuktu lovar trykk på kveldens konsert etter ei flott padleoppleving.

– Det var ei fantastisk oppleving å padle rundt på den stille elva, naturen var fenomenalt vakker og det var som om eg var med i Dr. Drøvel og Brødrene Dahl. Det er så vakkert i dette landet, fortel Timbuktu.

Jason Michael Robinson Diakitê eller Timbuktu, fekk prøve seg på elvepadling før han fredag kveld skulle halde konsert på RaumaRock. Den svenske rapparen fortel at han var heller skeptisk før han kom seg ut på elva.

– Eg syntest det verka litt kaldt, men då eg kom ned til elva vart eg positivt innstilt og innsåg at eg ikkje kunne gå glipp av dette.

Timbuktu skal fredag stå på scena og halde konsert på Raumarock. Før konserten fekk han prøve seg på padling i elva Rauma. Timbuktu fortel at det var ei fantastisk oppleving.

Timbuktu var litt skeptisk på førehand, men fortel at å padle i Rauma viste seg å vere fantastisk.

Fredag opna RaumaRock for alvor. Festivalen starta opp i 2002 og i årets utgåve vert det skilta med mellom andre Timbuktu, deLillos, Status Quo og Seigmen. Timbuktu lovar trykk på kveldens konsert etter ei flott oppleving med elvepadling.

– Det blir definitivt trykk på konserten. No har vi lada batteria og skal levere energien vi har samla opp til publikum, det gler eg meg til.