Hopp til innhold

Fekk med seg kompisane då dei flytta søndagsskulen til laurdag

Magnus Lindner (9) hadde stort sett berre veslesystera å leike med på søndagsskulen i Volda. Så bestemte mora seg for å flytte søndagsskulen til laurdag, og servere graut. Det gjorde susen.

Magnus Lindner (9) med ballongar utanfor Atlanterhavsparken

Magnus Lindner (9) hadde vanlegvis berre veslesystera å leike med på søndagsskulen. Så blei søndagsskulen flytta til laurdag, og då blei kompisane med. Tidlegare i dag feira han søndagsskulejubileum på Atlanterhavsparken i Ålesund med ballongar.

Foto: Synnøve Hole

Constanze Lindner (38)

Constanze Lindner (38) opplevde stor suksess då ho flytta søndagsskulen til laurdag, og begynte å servere graut.

Foto: Synnøve Hole

Laurdag har blitt den nye søndag.

I alle fall for tradisjonelle søndagsskular fleire stader i landet. Medan søndagsskulane landet over slit med å samle dei store massane på søndagane, er det stadig fleire som prøvar seg med ein annan vekedag i staden. Då er det ofte enklare å samle fleire.

– Eg brukar å avtale å møtest der med folk som eg kjenner og ikkje ser så ofte, og av og til vennar som bur i nærleiken, seier niåringen.

– Kvifor er det viktig å ha dei med?

– Då kan dei lære om Gud, då blir det fleire tilhengjarar, seier han.

Les også:

Bytta dag til laurdag

Og slik tenkte nok mora, Constanze Lindner (38) frå Volda også, då ho opplevde at rekrutteringa svikta totalt. Då tok ho skeia i ei anna hand, begynte å koke graut, flytta ut av kyrkja og til andre lokale og inviterte til søndagsskule på laurdag i staden. Det blei ein suksess. Frå å vere to barn kan dei no vere opp mot 20.

– Eg syns det er kjempegøy. Ein får fortelje om Jesus på ein heilt anna måte enn når det berre er to eller tre. Og så kjem det gjerne folk som vanlegvis ikkje går i kyrkja, seier ho.

– Viktig at dei får lære om Jesus

Mariann Runde med tre barnebarn

Mariann Runde med f.v. Kornelia Runde Oksnes (2 1/2), Markus Runde Oksnes (5 1/2) og Bettina Runde Knutsen (7).

Foto: Synnøve Hole

Laurdag ettermiddag feira Søndagsskulen på Sunnmøre 125-årsjubileum på Atlanterhavsparken i Ålesund med mellom anna flammeshow, Bibel-Quiz og ein kristen tryllekunstnar. Der var Mariann Runde frå Valderøya på Giske saman med tre barnebarn.

– Søndagsskulen er viktig for ungane. Der får dei lære dei om Jesus, det treng dei i dag, seier Runde og legg til:

– Det er viktig at dei får lære det vi lærte på skulen og søndagsskulen i vår tid. I dag får dei ikkje lære det på skulen, så då må dei lære det på søndagsskulen, seier mormora.

Les også:

Stadig færre går på søndagsskule

Søndagsskulekonsulent Helge Åkernes

Søndagsskulekonsulent på Sunnmøre, Helge Åkernes.

Foto: Synnøve Hole

Stadig færre ungar går på søndagsskule. I glansperioden gjekk 160 000 born på søndagsskule, ifølgje Søndagsskoleforbundet. No er medlemstalet under ein firedel. Søndagsskulekonsulent Helge Åkernes på Sunnmøre vedgår at dei har eit stort arbeid framfor seg for å auke rekrutteringa igjen.

Vi trur at vi skal klare å auke talet på ungar kraftig framover, fordi vi har det beste å gje. Vi jobbar for det viktigaste, det å gje Jesus til barna, seier Åkernes.

Les også:

Applauderer nye forslag

Søndagsskulekonsulenten trur det er lurt å tenkje nytt, slik dei har gjort i Volda. Det å bytte dag kan gjere det enklare for fleire å vere med. Sjølv er han ikkje opptatt av å halde på søndagen.

– Nokre vil nok framleis hevde at søndagsskule skal vere på søndag, men vi må tenkje på kva som er det viktigaste, korleis vi får gitt Jesus til flest mogleg barn. Dersom det inneber å skifte dag, gjer vi for all del det, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL