Hopp til innhold

To personar sperra inne av ras

Eit eldre ektepar er berga ut av huset sitt på Vartdal i Ørsta, etter at det gjekk eit jordras seint fredag kveld.Store nedbørsmengder har ført til ras fleire andre stader og politiet ber folk vere varsame..

Jordskred på Ørskogfjellet

Faren er stor for jordskred på grunn av regnet. Her frå E39 nær Fjellstova på Ørskogfjellet i kveld.

Foto: Harry Klein Hulse

Utover fredag kveld har det gått fleire jordskred på Sunnmøre.

Like før midnatt fekk politiet melding om at to eldre personar var sperra inne i huset sitt i Årsetdalen i Ørsta. Eit jordras sperra inngangen og fylte kjellaren på huset. Personane er no redda ut av huset, opplyser Johan Arnt Overøye som er operasjonsleiar i politiet.

- Vi måtte ha hjelp frå hjullastar for å rydde bort raset rundt huset. Dei to personane er ikkje skadd og er skyssa til skulen på Vartdal der folk i bygda har samla seg, seier Overøye.

Folk er evakuert frå fleire hus i området og Overøye ber folk om å unngå å køyre bil om dei ikkje absolutt må ut på vegane.

Også andre stader på Sunnmøre har det gått ras fredag.Dei første to meldingane kom inn litt før klokka 19. Det eine raset skal ha gått ved Viddals gartneri i Brusdalen og det andre på E39 på Ørskogfjellet.

Jordraset på Ørskogfjellet gjekk rundt 300 meter frå Fjellstova på høgre side i retning Vestnes. Det eine køyrefeltet er stengt av jordraset.

Fleire ras

– Slik som forholda er no, med så mykje regn og ikkje noko tele, er det heilt klart fare for fleire jordskred, sa Torgeir Nekstad på Vegtrafikksentralen til NRK i 19-tida. – Spesielt ålesundsområdet og sør for Ålesund er utsatt, la han til.

Det fekk han heilt rett i. Sidan har det gått jordras følgjande stader:

  • FV40 i Dalsfjorden mellom Lauvstad og Dale. Vegen er stengt som følgje av raset
  • FV47 på Berkneset i strekninga Ekset og Hovdebygda. Vegen er stengt.
  • FV655 mellom Sæbø og Ørsta er stengt på grunn av ras.

Vidare er FV362 mellom Arasvik - Mjosundbrua stengt som følgje av flom.

Vassplaning

Nekstad ber folk om å køyre ekstra forsiktig.

– Det er ganske heftig nedbør det er snakk om, så bilistar bør passe seg for vassplaning, seier han.

– Vi har folk ute no for å opne tette sluk for at det skal bli mindre vatn på vegane, legg Nekstad til.

Følg dei oppdaterte vegtrafikkmeldingane for Møre og Romsdal her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL