Hopp til innhold

Naudsentralen skal skjerpe seg

Dei siste vekene har AMK-sentralane i fylket fått kritikk. No skal dialogen i naudsamtalane verte meir profesjonell.

AMK-sentralen
Foto: Trine Kvalheim/Helse Møre og Romsdal

Fleire gongar dei siste vekene har AMK-sentralane i Møre og Romsdal fått kritikk frå Helsetilsynet, blant anna for mangelfull kommunikasjon.

– Dei som sit på AMK-sentralen og tek imot naudsamtalar skal bli betre. Det seier fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Odd Veddeng.

Døydde i paragliderulukke

20. januar i år døydde Svein Arvid Strand i ei paragliderulukke i Ålvundfjord i Sunndal. Han fall ned på ei fjellhylle og var bevisst etter ulukka. Turkameratane såg det som skjedde og varsla 113.

Både AMK-sentralen i Molde, ved St. Olavs hospital og Innlandet var involverte i aksjonen. Feil og misforståingar gjorde at hjelpa ikkje kom fram før halvanna time, sjølv om næraste ambulansehelikopter berre var ti minutt unna. Like etterpå vart Strand erklært død. TV 2 fekk tilgang til lydloggen og samtalen mellom dei AMK-tilsette var prega av latter og småprating.

Statens helsetilsyn konkluderer med at hjelpa kom for seint og at kommunikasjonen var mangelfull og dårleg. Det er ikkje usannsynleg at han kunne ha vore i live dersom hjelpa kom raskare.

Blodforgifting etter operasjon

Også saka om Solveig Marit Eliassen frå Eidsdal som døydde etter ein rutineoperasjon, har sett eit kritisk søkelys på AMK-sentralen og legevakta.

Ektemannen Gunnar Arntsen fortalde historia i Sunnmørsposten, om korleis han kjempa for å få hjelp då kona vart dårlegare og dårlegare etter inngrepet 18. januar i år. Han ringde fleire gongar til legevakta, men fekk beskjed om å gi smertestillande og ta kontakt neste dag. Han var også fleire gongar i kontakt med AMK-sentralen og bad dei sende ambulanse.

Han fekk i staden tilbod om drosjerekvisjon til legekontoret 24. januar. Seinare same ettermiddag døydde Solveig Marit Eliassen av blodforgifting. Saka vert no politietterforska.

Også då to småjenter drukna i Karihola i Kristiansund i 2010 fekk AMK-sentralen sterk kritikk.

Må bli proffare

Odd Veddeng seier at det er behov for ein meir effektiv og profesjonell dialog på AMK-sentralane.

– Kommunikasjonen dei i mellom må bli betre og ikkje prega av prating, seier Veddeng.

Han fortel at det er kompliserte oppdrag med mykje informasjon på ein gong. Mange ressursar skal settast inn og koordinerast.

Helse Møre og Romsdal har allereie sett i gong fleire tiltak for å betre AMK-sentralane. Blant anna har no helsearbeidarane akuttsamtalar med fleire av dei som skal inn i aksjonen samstundes.

– På den måten slepp vi at informasjonen går gjennom fleire ledd, som gjer at risikoen for at det som kjem fram vert upresist, seier Veddeng.