Hopp til innhold

Blei nekta å kome til Noreg: Får gifte seg likevel

Arvid Todal og Azizi Hashimi får likevel lov til å gifte seg. Dei to har vore forlova i to år, men fram til no har UDI ikkje trudd på at dei verkeleg vil gifte seg. No har UNE omgjort vedtaket.

Arvid Todal og Aziza Hashimi

Paret har halde kontakten via nettet gjennom fleire år. No får dei altså høve til å gifte seg.

Foto: eirik haukenes / NRK

NRK har tidlegare fortalt om Hashimi, som bur i Marokko, og Todal, som bur i Kristiansund og kampen deira for å få vere i lag.

Dei har hatt daleg kontakt i to år, men har fått avslag på søknaden fordi UDI har meint at

«...partenes forhold ikke er tilstrekkelig etablert til at et visum ville blitt innvilget.»

Dei siste fem åra har dei levd liva sine via dataskjemen, fordi ho ikkje får lov til å reise til Norge.

Utlendingsnemda snur

Både Hashimi og Todal er døve og kommuniserer med teiknespråk via nettet. Ho har søkt om visum fleire gongar, men har fått avslag fordi UDI meiner paret ikkje har møtt kvarandre mange nok gongar, og at marokkanarar ofte ikkje reiser heim dersom dei får avslag på opphaldssøknaden.

Saka blei anka til Utlendingsnemnda, som no altså har snudd. Dermed får Hashimi likevel visum - og dei to gifte seg i Kristiansund i løpet av året.