Hopp til innhold

Treng nye observasjonar for å halde fram ulvejakta

Jaktlaget leitte etter ulven i Sykkylven til midnatt. Men jakta var resultatlaus. No treng jaktlaget nye observasjonar for å halde fram.

Ulvejakt

Ulvejegerane avslutta leitinga kring midnatt. No treng dei nye observasjonar om dei skal halde fram.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

Seint måndag kveld hadde jaktlaget eit godt håp om å ta ulven som herjar i saueflokkane på Sunnmøre. Jaktlaget drog ut i terrenget etter sikre observasjonar i Ramstaddalen og Søvikdalen. Men ulven er framleis på frifot.

Vi avslutta jakta rundt midnatt utan at vi klarte å finne ulven, seier leiar i viltnemnda i Sykkylven, Kjell Perry Drotninghaug til NRK.

Fleire har sett ulven på Sunnmøre mandag kveld. Jakthunden har vore på sporet av ulven. Ulven dukka først opp i Stranda. Måndag kveld blir jakta konsentrert om Ramstaddalen og Søvikdalen i Sykkylven.

Her kan du sjå korleis jakta etter ulv går føre seg i Sykkylven.

Jaktlaget på ti mann drog ut etter at det var fastslått at ulven hadde teke fleire sauer i Stranda. På eit tidspunkt var jaktlaget truleg svært nær ulven. Jakthunden, som er spesialtrent for å følgje ulvespor, var på sporet etter ulven på ei strekning på hundre meter. Men hunden miste sporet då ekvipasjen kom inn på ein grusveg.

Bikkjene blir her i Sykkylven til eit stykke ut på dagen. Dersom det ikkje kjem nye observasjonar reiser hund og hundeeigar heim att, seier Drotninghaug.

Mobilvideo av ulv

Ulven blei fanga på film i Sykkylven søndag.

Ulven kan bevege seg over store område. Og det er eit vanskeleg terreng å leite i. Jaktlaget treng no klare haldepunkt for å halde fram leitinga.

Vi er heilt avhengige av at folk følgjer med og ser etter. Dersom vi skal ta opp att leitinga treng vi observasjonar som kan danne utgangspunkt for søkområdet. Vi kan ikkje berre vase rundt i terrenget, seier Drotninghaug.

Fylkesmannen har gjeve fellingsløyve for ulven i Stranda og Sykkylven.