Hopp til innhold

Fann drukna kanin i Ulsteinvik

Bjørn Refsnes frå Ulsteinvik gjekk tur saman med mora og ein kamerat, då dei fann ei drukna kanin i fjøresteinane.

Fann drukna hund i fjæra

EKKELT: Bjørn Refsnes fortel at det var ei ekkel oppleving å finne ein drukna kanin i fjæra.

Foto: Privat

– Det er heilt motbydeleg at dei har gjort det slik i staden for å ta den med til veterinæren for å gjere det på ein meir human måte, fortel Bjørn Refsnes

Det var under ein kveldstur med hund at Bjørn Refsnes frå Ulsteinvik saman med mora og ein kamerat fann den drukna kaninen i fjæresteinane ved Strandabøen. 14 åringen fortel at det var ei ekkel oppleving.

Bjørn Refsnes og Robin Kleppe Mork

Bjørn Refsnes (til venstre) og Robin Kleppe Mork fann tysdag kveld ei død kanin i fjæresteinane ved Strandabøen i Ulsteinvik.

Foto: Privat

– Hunden vår hadde vore nede i fjæra og funne ein pose og då den reiv opp posen såg vi pels.

– Det vi gjorde då var at vi tok den opp i ein annan pose og kasta den. Det var ei ganske ekkel oppleving og eg er glad det ikkje var til dømes veslesystera mi som fann den.

Dei trudde fyrst det var ein hund, men ifølgje dyrlegen var det ei stor hannkanin.

– Forsøkt gitt bort

Refsnes trur nokon kan ha forsøkt å gi den bort kaninen utan hell, for så å drukne den.

– Det kan hende at eigaren ikkje har klart å finne ein ny heim til den, for så å drukne den i staden for å ta den med til veterinær.