Hopp til innhold

Fann att katten på Facebook

Hege Kristin Svanøy hadde gitt opp håpet om å finne att katten Pussi då det dukka opp eit bileta av han på Facebook.

Hege Kristin Svanøy hadde gitt opp håpet om å sjå Pussi igjen, men eitt år etter at hannkatten forsvann, dukka han opp att i eit byggefelt i Ørsta. Og det var via facebook at eigaren vart spora opp.

Sjå tv-saka: Katten Pussi hadde vore vekke i eit år då eigaren plutseleg såg eit bilete av hannkatten på Facebook.

Etter eitt år på ukjend adresse har katten Pussi endeleg blitt foreint med eigaren sin.

Hannkatten hadde vandra rundt i eit byggefelt i Ørsta då Carl-Åge Henriksen fekk auge på han.

– Eg hadde sett han vandre rundt her eit par gongar. For nokre dagar sidan låg han på platten utanfor her, og ein kunne sjå at han hadde det vondt, seier Henriksen.

La ut bilete på Facebook

Då bestemte Henriksen seg for å legge ut eit bilete av katten på Facebook i håp om at nokon ville kjenne han att.

Hege Kristin Svanøy saman med kattefinnar Carl-Åge Henriksen

Hege Kristin Svanøy saman med kattefinnar Carl-Åge Henriksen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Hege Kristin Svanøy hadde gitt opp håpet om å sjå katten sin igjen då ho søndag kom over eit bilete av han på Facebook.

– Eg tenkte herregud det er jo katten min, seier Svanøy og ler.

Ho var ikkje i tvil om at katten på bilete var hennar.

– Eg kjende han att på flippen på øyra. Det kom som eit sjokk, men eg er veldig glad for at han er tilbake, seier Svanøy.

Har tatt forholdsreglar

Tysdag var katten Pussi tilbake i heimen etter eitt år på eventyr. Godt plassert på sofaen likar han seg best innandørs hos matmor.

Katten Pussi

Hannkatten Pussi har funne seg godt til rette på sofaen heime hos matmor Hege Kristin Svanøy.

Foto: Arne Flatin / NRK

Og det går nok ei stund før han vert sleppt ut igjen.

– Det blir nok ikkje med det første nei, seier Svanøy og klappar katten på hovudet.

Og denne gongen har matmor tatt sine forholdsreglar dersom katten skulle forsvinne igjen.

– No har han fått ein chip slik at eg kan spore han opp, seier Svanøy og smiler.

Del gjerne dine beste dyrehistorier med oss på: mr@nrk.no

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL