– Dei små lokalavisene greier seg rimeleg godt samanlikna med dei store.
Det seier professor Sigurd Høst ved Høgskulen i Volda.
Tala som blei lagt fram av Landslaget for lokalaviser og Mediebedriftenes landsforbund viser at dei fleste aviser har nedgang i opplagstala. Men nedgangen er markant mindre for lokalavisene enn for region- og riksavisene (sjå tal for Møre og Romsdal nedst i artikkelen).
– Tener på å vere lokale
Høst meiner tala viser at folk set pris på lokalavisa si og at det er andre mekanismar som gjeld for dei små enn for dei store.
– Eg meiner den lokale tilknyttinga er ein av dei viktigaste motiva folk har for å kjøpe ei avis. Slik sett har ikkje forholdet mellom dei superlokale avisene og lesarane deira endra seg på same måte som i resten av medieverda. Bandet til lesarane er det same, og det er det som er lokalavisene sin styrke.
– Kva med den digitale utfordringa for lokalavisene?
– Eg trur dei kan kjenne seg avslappa i forhold til det. Dei bør nok ha eit tilbod på nett, men det er ikkje sikkert det er rett for dei å satse tungt på nettbasert stoff.
Større nedgang for dei store
Utrekninga av abonnementstal er i år endra som følgje av endringane i lesemåtar og digitale tilbod. Tala er difor ikkje direkte samanliknbare frå tidlegare år. Høst meiner dei likevel gir ein god peikepinn på utviklinga.
– Vi ser jo at det er ein markant nedgang for regionavisene også i Møre og Romsdal, seier Høst.
– Det ser ikkje ut for at overgangen til betalingsløysingar på nett har hjelpt dei førebels. Dei går mykje tilbake.
Fordi mange aviser no er i ei fase med omlegging, meiner han det er vanskeleg å ha bastante meiningar om framtida.
Vi ser jo at dei store, til dømes Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad har ganske gode tal. Det kan jo bety at dei har funne ein måte å bremse nedgangen på, men det er litt tidleg å seie noko om det.