Hopp til innhold

Eksplosjonsfaren i Ålesund er over

Alle bygg i ein radius av 300 meter blei evakuert ved Skateflukaia i Ålesund etter at gassflasker hamna i sjøen.

Klokka 11.30: Politiet avlyser evakuering. Gasslekkasjen er tetta og gassflaskene blei tatt ut på djupare vatn for avkjøling. Ny måling viser at temperaturen er stabil. Flaskene vil bli destruert på forsvarleg måte.

Innsatsleiar Olav Ramnefjell

Innsatsleiar Olav Ramnefjell seier at dei valde å evakuere i samråd med brannvesenet.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Innsatsleiar i politiet, Olav Ramnefjell fortel at sperringane er tatt ned, og folk kan kome tilbake til området.

– Vi har fått tatt opp gassflaskene med kran, og dei er frakta til eit trygt område på Flatholmen i Ålesund. Der kjem vi til å destruere flaskene i samarbeid med brannvesenet, fortel Ramnefjell.

Eit skjærebrennersett med to flasker hamna i sjøen ved Skateflukaia i Ålesund onsdag føremiddag. Flaskene inneheldt acetylen og oksygen, opplyste brannvesenet til NRK like før klokka 10 onsdag. Acetylen blir i dag stort sett brukt til sveising og skjering av stål. Blanda med luft blir den svært eksplosiv.

– Vi gjer dei tiltaka som er nødvendig i ein slik situasjon. Derfor evakuerte vi dei bygningane som ligg ned mot åstaden, seier Ramnefjell.

Folk skal ha vore svært samarbeidsvillige og alle gjorde slik som politiet ville. Ramnefjell vil takke dei som vart råka for at dei respekterte sperringane.

Rask evakuering

Ambulanse på plass under evakuering av Ålesund sentrum

Ambulanse var og på plass under evakueringa av Ålesund sentrum.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Området var sperra allereie klokka 10.30. Både brannkorps, politi og ambulansar var på staden. Politi og Ålesund kommune sett stab og samarbeider om tiltak, står det på kommunen sine nettsider.

Dette er i eit av dei mest trafikkerte områda i byen, og det ligg mange butikkar og kontor i nærleiken.

Bedne om å forlate umiddelbart

Lars Asbjørnsen (t.v.) og andre tilsette i Nytt i Uka fekk beskjed om å evakuere

Lars Asbjørnsen (t.v.) og andre tilsette i Nytt i Uka fekk beskjed om å evakuere.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Evakueringa var krevjande, opplyser politiet. Alt arbeid på staden skjedde i tett samarbeid med brannvesenet

Lars Asbjørnsen, som er tilsett ved Nytt i Uka, var ein av dei som blei evakuert frå kontoret sitt.

– Vi blei bedne om å forlate kontoret umiddelbart på grunn av fare for gasseksplosjon. Heile området blei avsperra. Fram til vi får beskjed om noko anna så står vi her utanfor sperringane, fortalde Asbjørnsen til NRK under evakueringa.

Kjøling er førsteprioritet

Teknisk spesialist i AGA-gass, Kai Arne Trollerud, meiner at det var heilt rett å legge flaskene i sjøen.

– Viss det oppstår feil eller skadar på eit skjærebrennerapparat er det viktig å få nedkjølt gassflaskene så fort som mogeleg.

Han seier at eksplosjonsfaren vanlegvis vil vere minimal når gassflasker er lagt i havet til kjøling på denne måten.

Terje Tafjord i DNM er ein av dei evakuerte