Hopp til innhold

Elevkalender nominert til "årets gullbarbie"

Elevkalenderen for Møre og Romsdal kan få den tvilsame æra å vinne prisen "årets gullbarbie" frå Redd Barna sin ungdomsorganisasjon, Press. Prisen går til aktørar som bidrar til auka kroppspress blant unge.

Skuledagbok

Dette biletet vekte reaksjonar hos mange då kalenderen vart delt ut i fjor haust.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Elevkalenderen med bilete av ei lettkledd kvinne på framsida skapte sterke reaksjonar då den blei delt ut i fjor haust. Kalenderen blei delt ut til elevar i den vidaregåande skulen i fylket, men etter at NRK Møre og Romsdal omtalt saka, blei den raskt trekt tilbake av fylkesutdanningssjefen.

I følgje rbnett er kalenderen no ein av tre nominerte til den heller lite prestisjefylte prisen. Prisen har blitt delt ut sidan 2010 og skal bidra til å setje fokus på kroppspresset som ungdom blir utsette for frå ulike. Også brillekjeden Synsam og kleskjeden Bjørn Borg er nominerte til prisen.