Hopp til innhold

Ved Kongens bord: – Vi var veldig hyperaktive

Latteren var høg og stemminga god då eldsjeler frå heile landet var i teselskap hjå Kongen og Dronninga. – Nesten litt uverkeleg, seier ei lattermild Bitten Linge.

Tea Party på Slottet
Foto: NRK

Bitten Linge, fylkesleiar i Røde Kors Møre og Romsdal, har vore spesielt engasjert når det gjeld besøksvenner for einsame, mangfald, inkludering og verd for romfolket. Linge sit i Landsstyret for Røde Kors og er spesielt oppteken av dei som fell utanfor. I går hadde ho Kong Harald til bords.

Bitten Linge

Bitten Linge, fylkesleiar i Røde Kors hadde ein flott kveld på Slottet.

Foto: Aina Rødal / NRK

Nokre snakka meir enn andre og eg overtok kanskje styringa i samtalen nokre gonger.

Bitten Linge
– Eg er imponert, og syns at det er veldig flott at dei hylla dei frivillige. Kongeparet har ein slik varme og hjarteleg veremåte, og det var tydeleg at dei ville at alle skulle kjenne seg velkomne, seier Linge.

Alle dei 65 gjestane var over 60 år, og alle med både hender, føter og hovud innanfor velgjerdsarbeid.

I engelsk stil

I tre timar sat Linge til bords med Kongen. Borda var dekte med scones, småkaker og sandwichar, slik som i ekte engelske tea parties. Dei sat åtte rundt kvart bord, og samtaleemna vart mange, gode og varierte.

– Vi lo mykje, og fleipa mykje. Vi vart blant anna einige om at når vi byrja å klage over at alt var betre før, ja då er vi gamle, seier ei lattermild Linge.

Linge og Kongen fann også ut at dei nesten er hyttenaboar, og samtalen flaut endå betre når dei snakka om gjengrodde område på Tjøme.

– Kongen lo høgt og ofte, men han var også veldig interessert i kva vi har gjort i våre liv. Kongen var imponert over all velgjerda, fortel Linge.

– Eg overtok styringa

Linge fortel om mykje energi, latter og humør. Men det var kanskje ikkje så lett for alle å få inn eit ord i samtalen. Stemninga var lett og langt ifrå stiv.

– Nokre snakka meir enn andre og eg overtok kanskje styringa i samtalen nokre gonger. Men eg trur fleire var redd for at Kongen ikkje vart underheldt nok. Ein del av oss var eigentleg veldig hyperaktive, seier Linge.

Slottet i Oslo

Torsdag 10 oktober var det duka for «Afternoon Tea» på Slottet.

Foto: Øyvind Arntsen / NRK

Prøvekaninar i teselskap

Det er i år første gongen eit slikt teselskap er arrangert, men Linge fekk inntrykk av at dette ville kongeparet fortsette med.

– Kongen heldt ein flott tale og Dronninga takka for at vi kom. I tillegg song Ole Paus. Eg har alltid vore imponert over kongeparet, men eg er endå meir imponert no. Dei er så utruleg profesjonelle, men på same tid hjartelege og fulle av begeistring, fortel den ivrige fylkesleiaren.

Kong Harald og Dronning Sonja har eit stort ønskje om å setje fokus på aktiv alderdom, både for den enkelte, for medmenneske og for lokalsamfunna. I den forbindelse har dei eit ønskje om å treffe eldsjeler over 67 år frå heile landet, og invitere dei til ein «Afternoon Tea» på Slottet.

Afternoon Tea er ein gammal engelsk skikk som Dronning Maud tok med seg inn i Kongefamilien, og som har lange tradisjonar på Slottet.

– Like før eg blei igjen på Slottet

Linge hadde det veldig kjekt i teselskap, og det var like før ho blei igjen.

– Eg hadde så mange hyggelege samtalar med dei andre. Eg kjenner ein av dei tilsette ved Slottet, og han ville presentere meg for dei han arbeider saman med – så det var så vidt eg rakk å komme meg ut før dei stengte dørene, ler Linge.

Andre inviterte frå Møre og Romsdal var Jorunn Ellingsgaard frå Molde, Steinar Reiten frå Halsa og Gerd Myklebust frå Nesset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL