Hopp til innhold

– El-ferjer vil redusere utslepp tilsvarande 150 000 bilar i året

Å bytte ut alle ferjene vil koste 3,5 milliardar kroner, men innsparinga vil bli 700 millionar per år, ifølgje Bellona og Siemens.

Ampere Lavik-Oppedal

BATTERIDRIVEN: Sidan i vinter har verdas første batteridrivne ferje, Ampère, vore i drift på E39-sambandet Lavik-Oppedal over Sognefjorden.

Foto: Rune Fossum / NRK

I ein ny rapport frå Siemens og Bellona kjem det fram at 70 prosent av den norske ferjeflåten egnar seg for elektrisk drift.

Vegvesenet må belage seg på å betale litt meir for ferjetjenesta dei første åra, men fagrådgjevar Sigurd Enge i Bellona seier at det er all grunn til å tru at det vil gi økonomisk gevinst.

Sigurd Enge

Sigurd Enge i Bellona seier at 84 ferjer her i landet egnar seg for heilelektrisk drift.

Foto: Bellona

– Det gir 700 millionar kroner mindre i driftskostnader fordi straum er meir effektivt enn disesel, seier Enge.

84 ferjer her i landet egnar seg for heilelektrisk drift, og 43 egner seg for hybrid-teknologi. Tiltaket vil redusere CO₂-utsleppa med 300 000 tonn i året. Det er like mykje som ei stor industribedrift eller 150 000 biler.

Stor gevinst

Sidan i vinter har verdas første batteridrivne ferje, Ampère, vore i drift på E39-sambandet Lavik-Oppedal over Sognefjorden.

Odd Moen i Siemens

Odd Moen i Siemens fortel at ferja Ampere har spart både pengar og miljøet.

Odd Moen i Siemens fortel at ferja Ampere har spart både pengar og miljøet.

– Batteriferja Ampère har gått halve strekninga rundt jorda ved ekvator, så det må vere eit bevis på at teknologien fungerer, seier Moen.

Ifølgje rapporten vil investeringane vere nedbetalt i løpet av fem år på grunn av lågare kostnader til drivstoff og vedlikehald.

Siemens visste allereie at el-ferjer var ein god idé, men rapporten viser at det er enda meir lønnsamt enn dei først trudde.

Kostbar investering

Dei sambanda som egnar seg best for el-ferjer i Møre og Romsdal er Festøya – Solavågen, Volda – Folkestad, Molde – Vestnes og Halsa – Kanestraum.

Det kostar meir å investere i elektriske ferjer, men det vil dei tene inn igjen, ifølgje rapporten. Vegvesenet har tru på teknologien, men teamleder for ferje i Statens vegvesen, Edvard Sandvik, seier at eit par ting uroar dei med el-ferjene.

– Det er snakk om to ganske beskjedne ulemper. Ei elektrisk ferje er ikkje like fleksibel. Den er difor ikkje like enkel å flytte frå samband til samband, og det har vi ofte behov for viss det skjer ras eller liknande over vegar slik at vi må styrke ferjetilbodet ein annan stad, seier Sandvik.

Den andre ulempa er straumbrot. Sandvik fortel at straumnettet har ei oppetid på 99,96 prosent, og det er difor usannsynleg at det vil bli straumbrot på begge sidene av fjorden slik at ferja ikkje får lade.

Oversikt fra Bellona

Anbud før 2020

Samband

Strekning (km)

Antall ferger

Overfartstid

Fylke

hybrid

Halhjem – Sandvikvåg

21,7

3

40

Hordaland

el

Festøya – Solavågen

4,44

2

20

Møre og Romsdal

el

Volda – Folkestad

3,31

2

13

Møre og Romsdal

el

Molde – Vestnes

11,52

3

35

Møre og Romsdal

el

Halsa – Kanestraum

5,43

2

20

Møre og Romsdal

el

Bognes - Skarberget

7,96

2

25

Nordland

hybrid

Drag – Kjøpsvik

13,6

1

45

Nordland

el

Mortavika – Arsvågen

9,24

3

22

Rogaland

el

Hella - Dragsvik

1,8

3

10

Sogn og Fjordane

el

Lote – Anda

2,1

2

10

Sogn og Fjordane

el

Manheller – Fodnes

3,28

2

15

Sogn og Fjordane

Ekspander/minimer faktaboks