Hopp til innhold

Sju trafostasjonar sett ut av spel - fleire straumlause

Elevane ved Fagerlia vidaregåande skole i Ålesund vart evakuert etter ein eksplosjon i ein trafostasjon. Mange ble også strømløse fredag ettermiddga.

Trafo Fagerlia

Det var bak denne døra ved Fagerlia videregående skole eksplosjonen skjedde.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE kl. 16.25: Divisjonsdirektør Peter Kirkebø i Mørenett opplyser at dei jobbar med å koble på igjen dei sju transformatorstasjonane som blei slått ut fredag.

– Det siste nye er at alle i øvre Fagerlia har fått igjen straumen. Akkurat no er det Fagerlia vidaregåande skule, og åtte straumkundar i Gangstøvika som framleis er utan straum. Vi jobbar med saken, seier Kirkebø.

Han seier dei reknar med at alle har fått tilbake straumen innan ettermiddagen eller tidleg kveld.

Lynnedslag?

Fagerlia vgs

Elevar og tilsette kunne høyre eit høgt smell då det eksploderte i trafostasjonen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

NRK har fått tips om at eit lynnedslag kan vere årsaka til straumbrotet.

Kirkebø stadfestar at det har vore eit lynnedslag fredag, men han vil ikkje seie noko om dette er grunnen til straumbrotet.

– Vi veit ikkje enno. Det er entrepenørverksemd i området også, men no har vi berre fokus på å få att straumen til folket.

Dette er saken

Det var etter klokka 14.00 at tilsette og elevar ved Fagerlia vidaregåande skule kunne høyre eit høgt smell og sjå røyk.

I same augenblink forsvann også straumen i heile Fagerlia-området, og Gangstøvika.

Operatør ved 110-sentralen, Paul Ola Vestre sa dette til NRK etter straumbrotet var et faktum:

– Det vi veit er at det har vore ein liten eksplosjon i ein trafostasjon. Ingen personar er skadde. Både brannvesen og ambulanse har vore staden.

Slik opplevde ho smellet