Hopp til innhold

Eidsvik: – Uhøyrt at dei hadde bestemt seg før utgreiingsarbeidet var ferdig

STEINKJER (NRK): Tidlegare administrerande direktør Astrid Eidsvik meiner det var uhøyrt at leiarane i Helse Midt-Noreg hadde teke stilling til tomtevalet for nytt sjukehus før utgreiingsarbeidet i Møre og Romsdal var ferdig. I retten i dag forklarte ho seg om prosessen i sjukehusplanlegginga og om bakgrunnen for at ho trekte seg.

Astrid Eidsvik

Tidlegare direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik.

Foto: Terje Reite / NRK

I Inntrøndelag tingrett beskreiv Astrid Eidsvik eit omfattande og langvarig arbeid fram mot at vedtaket om nytt felles sjukehus kunne fattast.

– Det var ein krevjande prosess som det var naudsynt å ha god styring med. Vi hadde store utfordringar. Vi måtte byggje bruer og tillit, sa Eidsvik innleiingsvis.

Ho skildra ein situasjon der det var tett oppfølging frå Helse Midt-Noreg fram til 2012. Men engasjementet sløkna. Og då arbeidet med idefaserapporten blei starta var oppfølginga blitt langt dårlegare.

– Eg etterlyste sterkare engasjement. Spesielt ut over våren og hausten 2014. Eg opplevde å stå åleine i desse vanskelege prosessane, sa Eidsvik om perioden då Trond Michael Andersen var administrerande direktør i Helse Midt-Noreg.

Hausten 2014 var det eit skifte i leiinga i Helse Midt-Noreg. Trond Michael Andersen måtte gå og Daniel Haga blei ny administrerande direktør.

– Då kom Helse Midt-Noreg sterkare på banen. I utgangspunktet var dette bra. Men det utvikla seg til noko anna enn det eg hadde sett føre meg, sa Eidsvik.

– Vart ubekvem

Eidsvik følte at Helse Midt-Noreg tok over styringa i den avsluttande fasen av sjukehusprosessen. Det heile byrja under eit møte 10. november 2014, der ein heilt ny modell til samarbeid mellom sjukehusa blei lansert.

– På dette møtet lanserte styreleiar i Helse Midt-Noreg Ola Strand det han kalla clustermodellen. Det var ein ny modell som blei lansert på dette møtet. Det var eit poeng at sjukehusa skulle ligge nær kvarandre for å utnytte desse ressursane.

Modellen var ny og var ikkje trekt inn i prosjektarbeidet tidlegare. Eidsvik tenkte at det ville vere vanskeleg å dra inn heilt nye moment på dette tidspunktet. Ho var redd dette kunne vere med og øydelegge tilliten til prosessen.

– Eg kjende meg ubekvem, og var uroa for om eg hadde akseptert ein heilt ny tanke om organiseringa. Eg sov knapt den natta, fordi dette kverna som eit viktig punkt.

Inntrøndelag Tingrett, Steinkjer

– Usemja skein igjennom

Frå dette tidspunktet blei det arrangert ei rekkje møte fram til den endelege avgjerda skulle takast i desember. Den 19. november var det heilt klart at leiinga i Helse Midt-Noreg var i ferd med å konkludere annleis enn i Møre og Romsdal..

- Vi hadde ein diskusjon om kva som burde vektast og kvar forholdet mellom tomtene sto. Det skein gjennom at vi var usamde om korleis vi skulle vekte dei ulike elementa.

Møtet den 19. november skjedde på eit tidspunkt der evalueringsgruppa som Helse Møre og Romsdal hadde sett ned enno ikkje var ferdige med arbeidet sitt. Likevel kjende Astrid Eidsvik allereie til at administrerande direktør Daniel Haga i Helse Midt-Noreg hadde bestemt seg for Hjelset.

– Haga hadde sagt til meg: Om styret spør meg, så blir mitt svar at eg har landa på Hjelset. Dette visste eg då vi møttest den 19. november. Og dermed var situasjonen ikkje slik eg hadde tenkt, sa Eidsvik.

– Visste at Haga gjekk for Hjelset

Den 25. november var idefaserapporten ferdig skriven. Det blei avtalt nytt møte den 27. november.

– Eg visste at Daniel Haga gjekk for Hjelset. Då var det vanskeleg å vite korleis Helse Møre og Romsdal skulle kome på offensiven igjen. Vi laga ein presentasjon som eg tok i starten på møtet. Eg presiserte at evalueringsgruppa enno ikkje hadde fått testa kva ståstad dei hadde i plasseringsspørsmålet.

Astrid Eidsvik hadde bestemt seg. Ho kom til å innstille på Storbakken i Kristiansund. Reiseavstand og økonomi var avgjerande for henne.

– Det eg presenterte tok utgangspunkt i min ståstad. Eg konkluderte dermed med Storbakken i Kristiansund i tomtespørsmålet. Det viktigaste var forsøket på å korte ned avstanden for dei som hadde lengst reiseveg. Vi planla eit fullverdig akuttsjukehus. Det finst sjukdomar som er tidskritiske.

Også økonomiske vurderingar førte til at ho landa på Storbakken.

– Eg vektla den vanskelege økonomien i Helse Møre og Romsdal. Eg forsøkte å redusere gjestepasientkostnadene som vi såg auka. Dess lenger nord sjukehuset blei lagt, dess mindre kom lekkasjen til St. Olavs sjukehus til å bli.

– Fastlåst i kvart vårt syn

Under dette møtet vektla, ifølgje Eidsvik, administrerande direktør Daniel Haga, andre forhold. Også her kom dei nye tankane om eit cluster-sjukehus inn.

– Daniel Haga la vekt på rekruttering og denne cluster-tenkinga. Vi blei fastlåste i kvart vårt syn, og han refererte til at også styreleiar Ola Strand meinte at Hjelset var det opplagde valet.

– Eg spurte om statsråden hadde bestilt dette. Haga tok då ein telefon til Ola Strand og kom tilbake og refererte til at han hadde snakka med Ola Strand. Han hadde spurt om han hadde snakka med statsråden. Haga bekrefta at Ola Strand hadde snakka med Høie. Høie hadde svart at det var OK å gå for Hjelset.

Heile evalueringsgruppa høyrde det som blei sagt. Vanvik og Haga gjekk frå møtet. Dei andre møtedeltakarane blei sitjande igjen og prata om det som hadde skjedd.

– Alle følte at det var formidla eit syn utan at Møre og Romsdal var ferdig med utgreiinga. Vi tykte dette var svært vanskeleg, sa Eidsvik.

– Uhøyrt

I løpet av møtet blei det klart at Astrid Eidsvik og medarbeidarane hennar skulle få møte styreleiar Ola Strand dagen etter. Her skulle Eidsvik få presentere synspunkta hennar. Her signaliserte både Daniel Haga og Ola Strand at dei gjekk for Hjelset.

– Eg tykte det var uhøyrt at dei hadde teke konklusjonar utan å høyre utgreiinga frå Møre og Romsdal. Strand sa at økonomispørsmålet var viktig, men at clustermodellen var viktig i denne samanhengen. Han var ikkje villig til å velje bort Hjelset som følgje av bekymringa for rekrutteringa i interimsperioden. Men dette var ei uro alle delte, uansett val av tomt, sa Eidsvik.

I denne fasen av møtet stilte Eidsvik spørsmål om styreleiaren og administrerande direktør i Helse Midt-Noreg var betre i stand til å vurdere risiko i saka enn ho som hadde arbeidd med saka i ein lang periode. Ho spurte også om dei to var betre i stand til å vurdere dei kulturelle motsetnadene i Møre og Romsdal enn ho.

Ho fekk ja som svar på desse spørsmåla.

Astrid Eidsvik opplevde utsegna frå representantane frå Helse Midt-Noreg som styringssignal.

– Eg vart opprørt, sa Eidsvik.

– Følte ikkje tillit lenger

Astrid Eidsvik gjekk av som administrerande direktør 4. desember 2014. Ho følte at dei overordna organa ikkje lenger hadde tillit til henne i forhold til dømmekrafta inn mot den endelege konklusjonen i sjukehussaka.

– Eg følte at eg ikkje hadde tillit lenger. Då følte eg at eg ikkje hadde anna val enn å gå frå stillinga som administrerande direktør.

Under rettssaka var Astrid Eidsvik også kritisk til korleis styreleiar i Helse Møre og Romsdal Stein Kinserdal behandla saka. Ho etterlyste meir støtte og engasjement frå han. Det var ifølgje henne vanskeleg å få tak i Kinserdal.

– Eg hadde forventa at ein styreleiar hadde stilt opp på ein heilt annan måte i den kritiske fasen vi var i. Vi hadde samtalar, men få samtalar om referansar som var knytte til tomtespørsmålet. Eg hadde også forventa at han var meir fysisk til stades i den kritiske tida.

Eidsvik forklarte at ein av konsekvensane av dette blei at det blei skrive mange e-postar dei imellom, ofte på kveldstid. Dette galdt også i prosessen der Eidsvik valde å gå av. Eidsvik var opprørt over innhaldet i ein av e-postane som Kinserdal skreiv i samband med avgangen hennar.

– Det forundra meg at det går fram som om vi hadde hatt fleire samtalar om at eg ønskja å gå av, at eg var sliten og søvnlaus. Det var berre ein gong. Eg er ikkje ein person som formidlar at eg er sliten. Eg les e-posten som om eg hadde hatt samtalar om å slutte uansett. Det var ikkje i mine tankar. Det var heller aldri tema. Dette er usant.

I prosessen etter avgangen er omgrepet korrupsjon brukt ei rekkje gonger. Dette har samanheng med at Eidsvik skulle vere tilboden ein betre avtale om ho venta med å gå av, og om ho endra årsaka til å gå av. Eidsvik tek avstand frå ordbruken om korrupsjon. Under rettssaka sa ho at ho følte seg ubekvem i samband med bruken av ordet korrupsjon i denne saka.