Hopp til innhold

Eidsvik har enno ikkje fått sluttavtale

Astrid Eidsvik kommenterer no påstandane om at ho skal ha blitt pressa av direktør i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga, til å gå for Molde, og at sluttavtalen var knytt til at ho stod i stillinga si til etter styremøtet.

Det er snart to uker siden Astrid Eidsvik meldte at hun forlot stillinga som direktør for Helse Møre og Romsdal i protest mot overstyring fra helse Midt Norge.

Sjå tv-saka: Astrid Eidsvik kommenterer no skuldingane om at ho skal ha blitt pressa i sjukehussaka.

– Det er rett at eg enno ikkje har fått nokon sluttavtale etter avgangen min den 4. desember. Det er også rett at det har blitt tydeleg formidla gjennom epost frå styreleiar at han har forstått Helse Midt-Noreg slik at det vil vere enklare å forhandle om sluttavtala mi dersom eg stod som administrerande direktør til over nyttår, skriv Eidsvik i ei pressemelding.

Vidare skriv Eidsvik at innhaldet i sluttavtala ikkje var knytt til tomtevalet, men at ho stod i stillinga som administrerande direktør til etter styremøtet.

– Styreleiar og Helse Midt-Noreg ville då ta hand om kommunikasjonen knytt til avgangen min og mellom anna knytte dette til at eg var sliten, ønske om å gjere noko anna o.s.v. Som kjent gjekk eg likevel av som administrerande direktør og grunnlaget for avgangen er kjent, seier Eidsvik.

Eidsvik vil likevel presisere at sluttavtalen ikkje var eit tema i møte den 27. eller 28. november med Helse Midt-Noreg, der det vart drøfta vekting av dei ulike elementa som skulle føre fram til lokaliseringa av det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

– Notatet frå fagdirektør Odd Veddeng gir ei god oppsummering av innhaldet i møtet den 27. november, seier Eidsvik.

Skuldingar om korrupsjon

Ved starten av onsdagens styremøte kom styremedlem Harald Topphol med opplysningar om at tidlegare direktør Astrid Eidsvik blei pressa til å velje Molde som sjukehustomt.

På eit møte den 27. november skal direktør Daniel Haga i Helse Midt-Noreg ha sagt at han ikkje ville godta noko anna alternativ enn Opdøl i Molde.

Ifølgje Topphol skal Eidsvik også ha fått tilbod om sluttpakke dersom ho venta til etter nyttår med å gå av.

– I strid med lova

Under styremøtet onsdag fekk pressa utlevert eit skriv frå fagdirektør Odd Veddeng, der han stadfesta møtet mellom Eidsvik og leiinga i Helse Midt-Noreg. I skrivet stod det blant anna:

Odd Veddeng

I eit skriv stadfestar fagdirektør Odd Veddeng møtet mellom Eidsvik og leiinga i Helse Midt-Noreg.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Eidsvik presenterte si vekting av hovudargumenta for dei ulike alternativa, og ein foreløpig konklusjon om at Storbakken-alternativet stod sterkast, primært fordi dette vil gi mest optimal plassering av akuttfunksjonar, skriv Veddeng, og opplyser vidare:

– Daniel Haga sa deretter at ein måtte få ei innstilling som kunne bli vedtatt i Helse Midt-Noreg-styret, og at sonderingar i styret kunne tyde på at dette berre var mogleg for eitt av alternativa – nærare bestemt Opdøl-alternativet i Molde. Under møtet tok også Haga ein telefon til styreleiar Ola H. Strand som stadfesta denne framstillinga.

Veddeng skriv at det var lite rom for vidare drøfting, og at han oppfatta dette som eit viktig styresignal gitt i eit lukka møte.

– Altså i strid med lova om helseføretak, avsluttar fagdirektøren.

Avviser skuldingar

Helse Midt-Noreg avviser skuldingane på sine nettsider, og direktør Daniel Haga seier at han ikkje kjenner seg igjen i påstandane om brot på helseføretakslova og utilbørleg press mot tidlegare direktør i Helse Møre og Romsdal.

Daniel Haga - Helse Midt-Norge

Direktør i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga, avviser skuldingane.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Styra bad oss om å sjå om vi kunne kome fram til ei felles anbefaling i forhold til tomteval for nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal. Difor møtast vi. I slike diskusjonar vil ein naturleg kome inn på korleis vi trur saka vil ende og kva problemstillingar som kan oppstå, seier Haga.

Vidare seier Haga at dei torsdag 27. november konstaterte at dei ikkje kom fram til ei semje i forhold til vekting og grunngiving for val av tomt.

– Difor tok eg ein telefon til min styreleiar. På initiativ frå tidlegare direktør i Helse Møre og Romsdal blei vi einige om eit felles møte den følgjande dagen. Der fekk begge anledning til å legge fram argumentasjon for styreleiarane både på lokalt og regionalt nivå. Eg formidla dette og vi var einige om å ha eit slikt møte. Begge meinte framleis at det beste ville vere om vi kunne legge fram ei felles anbefaling, seier Haga.

– Etter møtet fredag 28. november konstaterte vi at vi ikkje kom fram til ei semje. Dermed var vi tilbake til utgangspunktet med at kvar direktør la fram si innstilling. Dette blei også understreka av begge styreleiarane, held han fram.

Haga poengterer at det ikkje er slik at styret i Helse Midt-Noreg på førehand har gitt til kjenne sitt standpunkt. Styret skal ifølgje han ha vore opptatt av å ha med seg vedtaket frå det lokale styret.

– Difor har mi innstilling vore foreløpig. Mitt endelege forslag til vedtak legger eg fram for styret torsdag 18. desember, seier Haga.

Saka held fram etter videoen.

Konstituert administrerande direktør i Helse Midt-Norge, Daniel Haga, kommenterer påstandane.

Direktør i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga, avviser skuldingane.

Får støtte av Kinserdal

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal Stein Kinserdal avviser også dette, og tilbakeviser også at Astrid Eidsvik skal ha fått tilbod om ein sluttpakke dersom ho sa opp stillinga si som administrerande direktør i helseføretaket.

Stein Kinserdal

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal Stein Kinserdal avviser at Astrid Eidsvik skal ha fått tilbod om ein sluttpakke dersom ho sa opp stillinga si.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det har ikkje vore nokon føresetnad for Helse Møre og Romsdal at leiaren ikkje skulle meine noko, seier Kinserdal og avviser påstandane som kom frå to av hans eigne styremedlemmer.

Kinserdal seier at han ikkje veit noko meir om desse påstandane enn det som blir påstått av Topphol og Charles Austnes.

– For meg handlar dette om at ulike personar opplever situasjonar på forskjellige måtar, seier Kinserdal.