Hopp til innhold

Svensk mann (74) omkom i dykk ved Bud

Den omkomne dykkaren som blei henta opp av sjøen ved Bolungskjæra vest for Ytre Harøya i Bud var ein erfaren dykkar, opplyser politiet.

Harøya

Klokka 10:18 torsdag morgon melde politiet om ein livlaus dykkar i sjøen ved Bud i Fræna kommune. Alle naudetatane rykka ut til staden. Det var ein 74 år gammal svensk statsborger som omkom i samband med dykking. Han blei erklært død på staden etter opplivingsforsøk.

Erfarne dykkarar

Årssaka til at mannen døde er enno uklart og mannen kjem til å bli sendt til obduksjon, ifølgje politiet. Mannen dykka saman med ein annan svensk statsborgar, og den omkomne mannen blei medvitslaus då dei var i ferd med å avslutte dykket.

– Begge dykkarane var erfarne, og det var fine vêrforhold i området. Meddykkaren vart tatt vare på og dei pårørande er varsla, seier operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Thorry Åkernes.

Like før klokka tolv opplyste mannskapet på redningsskøyta «Maersk» at aksjonen var avslutta. Dykkaren blei kort etter bekrefta omkomen. No har alle naudetatane avslutta på staden.

– No held vi fram med å sikre bevis og drive informasjonsinnhenting for å finne ut kven som var involvert og kva som har skjedd, seier Åkernes.

Laster Twitter-innhold