Hopp til innhold

Dramatisk vassmangel i Tafjord

Tafjord vassverk er i ferd med å gå heilt tome for vatn. Magasinet kan vere tomt i morgon.

Mot Tafjord

Inst i fjorden her ligg bygda Tafjord. No er vassverket i bygda snart tomt for vatn.

Foto: Kari Hansen

60 - 80 abonnentar står i fare for å vere utan vatn innan svært kort tid. Arild Nærø i vassverket seier at dette er dramatisk.

– Tilsynsmannen seier at det kan byrje å røyne på alt i morgon. Då er vasstanden komen så langt ned at vi rett og slett er vasslause, seier Arild Nærø til NRK.

– Skru att kranane

Med eit vassnivå 60 centimeter under det nederste inntaket må noko gjerast umiddelbart. Vassverket ber folk i Tafjord skru igjen kranane.

– Vi vonar at folk i Tafjord ser alvoret og brukar minst mogleg vatn. Ingen må bruke meir vatn enn det som strengt tatt er naudsynt, seier Nærø.

Tørr kuldeperiode

Tafjord ligg i ein av dei innerste fjordarmane på Sunnmøre. Her har det vore kaldt og svært lite nedbør. Dette betyr at det har kome minimalt med vatn til vassverket. Det bur i dag omlag 160 innbyggjar i bygda, ifølgje nettstaden Tafjord-portalen. Bygda er kjend for turisme, og ikkje minst fordi vassdraga i området er bygde ut til kraftproduksjon.

Dusj kortare

Aril Nærø i Tafjord vassverk bed folk om å bruke vatn på ein slik måte at det kan bli litt til alle. Dette betyr at ingen i Tafjord må sløse med vatnet.

– Dei må gjerne gjere seg kort når dei dusjar. Vatnet må ikkje stå og renne i kjellarar, fjøs og uthus. Steng att kranane og skru heller på varme om de er redde for at det skal fryse, seier Nærø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL