Hopp til innhold

Dømd for ulovleg tråling etter stortare

For første gong i historia er ein taretrålar og selskapet han leverer til, dømde til bøter på 72 000 kroner for ulovleg tråling etter ettertrakta stortare. Motstandarane fnyser.

Taretråling utanfor Runde

Den omstridde taretrålinga blei oppdaga av Oddmar Remøy på Runde i Herøy. Han fotograferte det han såg, og var eit sentralt vitne under rettsaka.

Foto: Oddmar Remøy

For første gang i historia er ein taretrålar dømd i det norske rettssystemet for ulovleg å ha rive opp tang og tare utanfor Runde i Herøy våren 2013. Ein bergensmann og det amerikanske firmaet FMC Biopolymer AS må ut med til saman 72 000 kroner, etter først å ha nekta å vedta bota. Men motstandarane av taretråling syns summen er latterleg.

Nei, det er alt for lite. I kroner burde det vore nokre hundre tusen, seier Johan Breivik i foreininga Stopp taretråling.

Les også:

Omstridd fangst langs kysten

Taretråling er omstridd. Den norske stortaren er rekna som verdifull, og etterspurt over heile verda. Taren inneheld stoffet alginat, som kan brukast i alt frå legemiddel til matvarer og tekstilar. Det er førebels gjort lite forsking på effektane av taretråling, men mange fiskarar er sterke motstandarar fordi dei fryktar at mindre tare utryddar fisk og andre sjødyr. Oddmar Remøy oppdaga den ulovlege taretrålinga frå stovevinduet sitt, og var eit sentralt vitne under rettsaka.

– Folk blir berre meir og meir irriterte på heile greia. Eg meiner taretrålinga har omfattande følgjeskadar, sjølv om ingen vil undersøkje det, seier Remøy.

Vurderer å anke til lagmannsretten

Kart over taretråling i Herøy

Dette kartet er laga av Oddmar Remøy, og illustrerer ifølgje han kvar taretrålaren opererte i januar 2013.

Foto: Oddmar Remøy

Dei som blei dømde er ikkje like glade for resultatet. For å unngå for stort uttak av tare, er det i enkelte område berre lov å tråle kvart femte år. Men medan bergensmannen som er bøtlagd følgde grensene som var oppgitt i eit eldre sjøkart, har retten slått fast at det er dei digitiale sjøkarta, med litt justerte grenser, som gjeld.

Vi meiner resultatet er feil, både grunngjevinga og resultatet, seier advokat Jørn Ivar Sandnes. Dei har ikkje bestemt seg for om dei skal anke.

Håper på fleire rettsaker

Organisasjonen Stopp taretråling håper det blir fleire rettsaker mot taretrålarar framover, og viser til at dommen som nyleg blei avsagt i Søre Sunnmøre tingrett er den første i sitt slag i landet.

Dersom dei ikkje begynner å oppføre seg skikkeleg og held seg til retningslinjene som er delte ut, blir det fleire. For vi passar på så godt vi kan langs heile kysten, seier Farstad.

NRK Møre og Romsdal brukte først bilete av feil båt i denne artikkelen. Vi seier oss leie for dette.