Hopp til innhold

Dødsulukke i Vanylven

Ein person er stadfesta omkomen etter at han vart fastklemt under traktoren i Vanylven.

Dødsulykke Vanylven

Ein person mista livet i ei arbeidsulukke i Vanylven tysdag.

Foto: Kjell Brenne / Synste Møre

Politiet fekk melding om ulukka klokka 11.38. Alle naudetatar rykte ut til staden.

– Personen er død og dei pårørande varsla, seier Inge Verøy, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det var ikkje vitne til ulukka og dermed er det uvisst når den skjedde. Politiet er på staden for å gjere undersøkingar.