Hopp til innhold

Diplommysteriet på Røneset

Kronprins Gustaf gav dette diplomet til ein mann frå Ålesund, men kven var han?

Diplom frå 1887

Mysterium: Kven var mannen som fekk diplom av kronprins Gustaf – og korleis hamna det på Røneset i Sykkylven?

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Gøymt i ei gamal bilderamme som Severin Rønes hadde på veggen, var det eit mystisk diplom, signert av kronprins Gustaf. Men kven var mannen som fekk det, og korleis hadde det hamna på Røneset?

Hans Petter Fauske og Severin Rønes

Hans Petter Fauske og Severin Rønes diskuterer diplommysteriet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Bilderamma frå 1800-talet hang på veggen til Severin Rønes på slektsgarden i Sykkylven. Historielaget i Ørskog hadde teke kontakt for å få ein kopi av ei minnetavle over soldatar frå Ørskog-området som hadde kjempa i frigjeringskrigen mot Sverige i 1807–1814.

Les også: Lever han drømmelivet?

– Stor overrasking

Hans Petter Fauske med lista over soldatar

«Dei ørskogmenn»... Hans Petter Fauske skulle hjelpe med å kopiere dette for historielaget då han fann diplomet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Hans Petter Fauske, som driv rammeverkstad på Sjøholt, fekk oppdraget med å opne opp ramma slik at minnetavla kunne kopierast. Til si store overrasking fann han eit flott diplom, skjult mellom biletet og bakplata. Noko slikt hadde han aldri sett før.

Diplom frå 1887

Flott diplom: Klikk på biletet for å sjå ein større versjon.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Eg fekk heilt hakeslepp då eg såg årstalet 1887. det er svært uvanleg å kome over noko så gamalt som er så godt bevart, seier Fauske som straks tok kontakt med Severin Rønes så han også skulle få sjå.

Nysgjerrig

DIPLOM til erindring om Fiskeriudstillingen i Trondhjem 1887 tildelt J. H. Fjelde, Aalesund, "som medlem af juryen."

Gustaf
Ærespresident

Diplom frå 1887

Severin Rønes blei stor i auga då han såg kva som hadde skjult seg i bilderamma.

Severin Rønes

Severin Rønes undrar seg over korleis diplomet har hamna hos han.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Eg blei veldig nysgjerrig. Kven var mottakaren av diplomet og korleis og kvifor har det hamna på veggen heime på Røneset, gøymt bak ei minnetavle? Severin Rønes er full av undring og ser på det heile som eit mysterium.

Kjøpmann frå Hareid

Diplomet, som er signert av kronprinsen av Sverige og Noreg, Gustaf (seinare Kong Gustav V av Sverige), er tildelt ein J.H. Fjelde, Ålesund. Men kven var han og kvifor fekk han diplomet?

Einar Paul Landmark i Ørskog historielag visste noko om kven mottakaren av diplomet var. Etter alle solemerke bar mannen det fulle namnet Jacob Henrik Tonning Olsen Fjelde. Han var fødd på Hareid i 1831 og blei i vaksen alder kjøpmann på Brunholmen i Ålesund.

Truleg dreiv Fjelde med fiskehandel, kanskje salting og foredling også. I alle fall må han ha hatt ein viss status innanfor faget sitt, sidan han var jurymedlem på fiskeriutstillinga i Trondheim.

Mysteriet

Diplomet ser ut til å vere tildelt Fjelde som takk for innsatsen, men det Severin Rønes lurer på er korleis diplomet har hamna på veggen på garden hans på Røneset i Sykkylven.

– Eg kjenner ikkje til namnet Fjelde i mi slekt, så eg lurer veldig på om kva som har ført diplomet inn hit, seier Rønes.

Heller ikkje på minnetavla som var i ramma er det nokon med Rønes til etternamn. Fleire av namna er likevel frå området rundt Røneset, som tidlegare høyrde til Ørskog kommune.

Både Klokk, Ramstad, Søvik, Løset, Melset og Furstrand er etternamn frå sørsida av Storfjorden, men Rønes veit ikkje om at nokon av mennene på minnetavla har samband med hans eiga slekt.

Nokon som veit?

Har du ein teori om korleis diplomet til J.H. Fjelde kan ha flytta seg frå Brunholmen i Ålesund og til garden på Røneset ved Storfjorden, skjult bak ei minnetavle?

Ta gjerne kontakt på e-post, eller skriv i kommentarfeltet under!

Hans Petter Fauske åpna ei ramme med namn på folk som døydde i 7-årskrigen på 18-hundretalet. Der fann han også gøymt eit svært diplom med flott motiv som var gitt til ein I. H. Fjelde, signert av kronprins Gustaf.

Les flere nyheter på: www.nrk.no/mr