Måndag 16. august la forskingsfartøyet Johan Hjort frå kai i Kristiansund. Det er sommartoktet som har byrja. Fram til 27. juni skal forskingsskipet saumfare Storneset på Eggakanten. Eggakanten er det mest produktive og artsrike området på kontinentalsokkelen.
- Les også:
Kartleggjer naturmangfaldet
Mareano er eit samarbeidsorgan der Havforskingsinstituttet, Norges geologiske undersøking og Statens kartverk står for den daglege drifta. Arbeidet blir leia av Fiskeridirektoratet, og i den øvste leiinga sit representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet, Klima og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet.
Mareano spelte blant anna ei avgjerande rolle i samband med forvaltningsplanen for Barentshavet og områda utanfor Lofoten.
I sommar er det Eggakanten som skal undersøkast, frå Skjoldryggen til Korallneset der sokkelkanten svingar sørover ned Vestlandet.
– Vi kartlegg biomangfald, naturtypar og botntypar. Og vi brukar både undervassvideokamera og ulike reiskapar for å hente opp prøver frå botnen, seier toktleiar Pål Buhl-Mortensen. Reiskapane dei brukar er grabb, halvmesterslange kjerneprøvetakarar, dei har ein bomtrål og ein slede med planktonnett.
- Les også:
- Les også:
Djupvassartar på grunnare vatn
Så langt har toktet avdekka at artane oppfører seg noko annleis i områda utanfor Møre og Romsdal enn utanfor Nordland og Troms. I det nordlege Norskehavet er vatnet langt kaldare enn vatnet lenger sør.
– Dette er interessant å merke seg. I sør ser det ut til at djuphavsorganismane som også lever i det iskalde norskehavsvatnet opptrer på langt grunnare vatn her enn i nord. Dette er knytt til korleis vassmassane fordeler seg vertikalt, seier Buhl-Mortensen.
- Les også:
- Les også:
– Ein sårbar naturtype
Storegga er kontinentalsokkelskråninga utanfor Møre og Romsdal. Havbotnen fell brått frå djupn på 100–200 meter ned til djupn på nesten 1000 meter. Egga strekkjer seg over ein avstand på 100 kilometer, og ligg om lag 70 kilometer utanfor dei ytste skjæra. Langs Eggakanten går det føre seg eit rikt fiske, særleg etter kveite, lange og brosme. No rykkjer også oljenæringa stadig nærare.
– Områda langs sokkelkanten er viktig økologisk med høg biologisk produksjon og stort artsmangfald. Det er ein sårbar naturtype, med mellom anna korallrev, seier Buhl-Mortensen til NRK.
- Les også:
- Les også:
Fleire ukjende artar
Under årets tokt har forskarane funne artar som dei førebels ikkje veit kva er. Men enn så lenge er forskarane forsiktige med å rope ut dette som sensasjonar.
– Vi har sett artar som vi ikkje klarar å artsbestemme førebels. Dette er spennande, men vi kan ikkje vurdere om det dreiar seg om artar som aldri før har vore observerte i våre farvatn. Det får vi sjå seinare.
- Les også:
Har sett sjeldan botnmanet
For nokre dagar sidan fekk forskarane også møte på ein tidlegare, men ganske sjeldan kjenning.
– For første gang i Mareano si kartlegging har vi observert den botnlevande maneta Ptychogastria polaris. Med video har vi tidlegare berre observert denne på Jan Mayen-ryggen. Det skjedde i samband med ei anna undersøking, seier toktleiaren.
Skadde korallrev
På forskingsskipet Johan Hjort er det no i alt 14 forskarar og teknikarar frå Havforskingsinstituttet og Norges geologiske undersøkingar som jobbar døgnet rundt for å karlegge både havbotnen, dyrelivet og miljøgifter.
– Undersøkingane i 1998 og 1999 viste at dei aktive fiskeria har sett tydelege spor. Dei fleste korallreva er skadde av botntråling. Så langt har vi ikkje kome til område med korallrev, men truleg kjem vi vil å dokumentere fleire nye rev i dette toktet, seier Buhl-Mortensen.