Hopp til innhold

Dette er synet dei fryktar

Det såg ut som ein svinesti i Krinstadbukta etter fest og fyll sist helg. Dei siste dagane har frivillige sørga for at alt er rydda. No fryktar dei kva natta fører med seg.

Rot i Kringstadbukta
Foto: Omar Sejnæs

Det er lang tradisjon for at natt til 1. mai er prega av fest og fyll. Måndag kveld fryktar dei frivillige i Kringstadbukta i Molde kva natta vil føre med seg. For Dagmars herjingar førte til omfattande dugnadsinnsats, men festen sist helg tok kaka.

Ole Wille

Ole Wille er ein av dei frivillige som har rydda i Kringstadbukta etter Dagmars herjingar. No fryktar han natta.

Foto: Omar Sejnæs

- På marka låg det fullt av plastposar, knuste flasker, ølboksar og eit griseri utan like, seier Wille.

Les også:

50 ungdomar raserte

For det var eit trist syn som møtte Ole Wille og dei andre frivillige, som kom til Kringstadbukta i Molde søndag. Då hadde over 50 festglade ungdommar rasert området, som dugnadsgjengen hadde brukt månader på å rydde.

- Først i forrige veke var vi ferdige, så får vi dette, det er liksom "takk for strevet", sukkar Ole Wille. Inne på toalettet oppdaga dei at taket var brote opp, truleg i eit forsøk på å kome seg vidare inn i kafeen.

Sjå heile tv-saka frå sendinga klokka 18.40:

Video Hærverk i Kringstadbukta

Hærverk i Kringstadbukta sist helg.

Grur seg til natta

1. mai er tradisjonelt startskot for russefeiringa i landet. I tillegg er mange andre unge gjerne ute i vårnatta. Det kan medføre ein del bråk og hærverk.

Hærverk på toalettet i Kringstadbukta

Slik såg taket ut inne på toalettet i Kringstadbukta etter festen sist helg.

Foto: Omar Sejnæs

- Vi vil jo appellere til både dei som skal til Kringstadbukta, og til foreldra, om å ta meir ansvar, seier Wille. Han seier kreftene ikkje strekk til, dersom hærverket held fram.

Les meir om den "frykta natta":