Hopp til innhold

Dette er Noreg sitt største «hotell»

Nyhamna brakkehotell i Aukra er Noreg sitt største hotell i desse dagar. Med over 1500 enkeltrom stel hotellet likevel ikkje gjestar frå andre hotell i området.

Nyhamna brakkehotell med 1584 senger.

Nyhamna Brakkehotell er Noreg sitt største hotell med heile 1584 sengeplassar.

– Her har me no fått ein kapasitet på 1584 personar, så dette er eit flott anlegg å vise fram, seier Lillian Aasheim som er kommunikasjonssjef i Shell for Nyhamna Expansion. Hotellet blei fylt opp denne veka og no er alle rom i bruk.

Saman med hotellsjefen, Ingeborg Høgseth i Compass Group, viser Lillian Aasheim stolt fram hotellet. Det skal huse arbeidarane som byggjer ut gassanlegget på Nyhamna til å ta i mot gass frå fleire felt enn Ormen Lange - i første omgang frå Aasta Hanstenfeltet utanfor Bodø.

Frå Nyhamna blir no den 480 kilometer lange Polarled lagt i sjøen nordover mot Aasta Hanstenfeltet.

– Det er viktig at me har eigen kapasitet, slik at me ikkje oversvømmer ein marknad, seier Aasheim.

LES OGSÅ: I dag slår de av gassanlegget

LES OGSÅ: Polarled vert sinka av sterk vind og bølgjer

Større enn Oslo Plaza

Hotellrom på Nyhamna brakkehotell

Brakkehotellet i Nyhamna i Aukra har 1584 sengeplassar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Med 1584 enkeltrom har Nyhamna brakkehotell 84 fleire enn Oslo Plaza. Oslofjord Convention Center, som disponerer 700 leiligheter, kan huse inntil 3000 i 700 leiligheiter, men Nyhamnahotellet kan skryte av flest enkeltrom.

Hotellet på Nyhamna vart tidlegare brukt på utbygginga av Ormen Lange, og då hadde hotellet endå fleire sengeplassar.

– Ei skulle kanskje tru at det var dårleg planlegging, ettersom at me hadde circa 3000 senger då me gjorde den første utbygginga på Ormen Lange. Men det er klart at då var alt dimensjonert for å ha 3000 menneske buande her, seier Aasheim.

– Me har sett på kva me treng permanent, slik at me har kapasitet til det, så no er me på det meste, seier ho.

Heimen til arbeidarane

Ingeborg Høgset

Hotellsjef Ingeborg Høgseth tykkjer det er kjekt å drive storhotellet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Romma har alt som trengst, med både bad, skrivebord, TV og tilgang til internett, og hotellet blir fort fylt opp.

– Det kjem ofte store busslastar med fleire hundre om gongen, seier hotellsjef Ingeborg Høgseth og stadfestar at ho tykkjer det er kjekt å drifte storhotellet.

Kva er spesielt med dette hotellet samanlikna med eit vanleg hotell?

– Det er arbeidarar som kjem her og skal vera her i kanskje 14 dagar i strekk. Dei jobbar 12-timars skift, og har sjølvsagt behov for ro og fred, og litt sosialt liv også. Det er heimen deira når dei er på jobb, seier Høgseth.

  • Sjå video frå hotellet øvst i saka.