Hopp til innhold

Dette er ikkje ein ekte person

Det florerer av falske profilar som kontaktar nordmenn på Facebook, men myndigheitene veit lite om kven eller kva som står bak.

Falsk Facebook-profil

Eit raskt Google-søk viser at Shivam Agarwal er eit utbreidd namn for mannlege indarar. Akkurat denne profilen er neppe ekte.

Foto: Skjermdump

Tone Hoddø Bakås

Tone Hoddø Bakås i NorSiS rår folk om å vere meir merksame på kven dei deler informasjon med på Facebook.

Foto: Jan Tore Øverstad
Falske Facebook-profilar

Namna høyrer til ekte folk, blant anna ein indisk skodespelar og ein nederlandsk handballspelar, men kvifor er dei busett i Ålesund og kvifor vil dei bli venner med meg? Her er det noko muffens.

Foto: Skjermdump
Broken link

Ei vekes tid etter venneførespurnaden tikka inn, vart profilen med det norskklingande namnet sletta. Namnet høyrde til nemleg nokon andre – utan vikinghjelm.

Foto: Skjermdump
Rayban Online Facebook

Felles for dei falske venneførespurnadane er at dei likar Facebook-sida 'Rayban Online', som ikkje er den offisielle Facebook-sida til det kjende solbrillemerket.

Foto: Skjermdump

– Det er snakk om mange millionar falske profilar verda over, seier Tone Hoddø Bakkås, seniorrådgjevar i Norsk senter for informasjonssikring (NorSiS).

ID-svindel, der nokon gir seg ut for å vere nokon andre enn dei, har eksplodert dei siste åra.

– Men kven det er som etablerer slike kontoar og kvifor, veit vi i grunnen ikkje så mykje om. Vi har rett og slett ikkje kunnskap om alle som gjer slikt, legg ho til.

Ingen er trygge

Ingen kan føle seg heilt sikre for at deira namn eller bilde ikkje blir misbrukt.

– Det er ekkelt når slikt skjer. Vi hadde ei sak for ikkje så lenge sidan i Oppland, der ei kvinne vart utsett at bilda hennar vart stelte. Det vart ikkje berre etablert Facebook-konto, men også på datingtenester og andre meir lugubre tenester, fortel Bakkås.

NorSIS driftar tenesta Slettmeg.no (sjå faktaboks til høgre) og har fått hundrevis av tilbakemeldingar på ulike type falske profilar.

– Det er viktig å rapportere slike profilar. Selskap som Facebook har eit veldig godt regime for det, og tek slike ting på alvor, seier seniorrådgjevaren.

Spreier spam og reklame

Falske profilbrukararar har som regel eitt av to mål for augo – å påføre andre ulemper eller å oppnå økonomisk gevinst. På Facebook har det også begynt å gro fram fleire som misbrukar nettenesta for reklameføremål.

– Facebook lever av reklame. Om det er mange som får førespurnadar frå fleire ukjende profilar, som har til felles at dei likar ei bestemt reklame, så kan den som reklamerer tene meir pengar, seier Bakkås og understrekar at dette er ein måte å jobbe på som er lite granska i Noreg.

Same kva som er intensjonen bak den falske profilen, oppmodar Bakkås folk til vere bevisste på kven ein aksepterer på ven.

– Det er også lov å fjerne vennar og rydde opp. Det er dessutan lurt å vurdere kva du legg ut og opprette tilgangsgrupper slik at du er bevisst på kva du deler med kven, seier ho. – Informasjonen kan trass alt misbrukast av uvedkommande, legg ho til.

– Treng ikkje vere farleg

– Mange synest det er gjævt å kunne vise til mange Facebook-vennar. Er det så farleg å akseptere ein venn du ikkje veit kven er?

– Ikkje i seg sjølv. Etter kvart har folk fått så mange vennar at sjølv om ein har éin eller tre falske vennar, så har det ikkje nødvendigvis så mykje å seie. For den som kan takle at det at det kjem litt spam frå den eine falske kontoen, så er det kanskje ikkje så alvorleg.

– Men dersom ein falsk profil prøver å knyte seg til deg som ein venn, er det grunn til vere skeptisk. Det kan trass alt kan vere at den falske profilen har stelt bildet frå ein ekte person sjølv om namnet ikkje er det rette, avsluttar ho.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL