Hopp til innhold

Det største talentet

Av alle dei store talenta er det Odin Landbakk frå Kristiansund som er størst. Sjåarane stemte 13-åringen fram som vinnar av Norske Talenter i TV2 i gårsdagens finale.

Odin Landbakk spelte på Tahitifestivalen

Odin Landbakk og Frode Alnæs spelte saman under Tahitifestivalen.

Foto: Ken Alvin Jenssen

Han er altså 13 år og spelar gitar. Og det gjer han så bra at han tok seg heilt fram til finalen. Fagdommarane har meint at Odin skulle gå vidare, men i finalen var det sjåarane til TV2 som bestemte.

ZevenUp

Konkurransen var beinhard, for dei andre 11 finalistane ønskte også å vinne. Mellom dei imponerte også dansegruppa ZevenUp frå Molde. Dei kjem truleg sterkt tilbake, medan Odin kan gle seg over topplasseringa og ein premie på ikkje mindre enn ein halv million kroner.

Frode Alnæs på Tahitifestivalen

Frode Alnæs har skrive Strengedansen til Odin Landbakk.

Foto: Roar Halten / NRK

Mykje pengar som kan brukast til så mangt, men sjølv antydar 13-åringen at det kan vere behov for ein ny gitar.

Komponisten

«Strengedansen» var melodien han spelte i finalen. Den var spesialskriven av ein annan og noko meir røynd og kjent gitarist. Frode Alnæs frå same by har skrive låta. Sjølv er han truleg mest kjent for tida i bandet Dance With A Stranger, men heller ikkje hans gitar har fått stå i ro dei siste åra.

Festivalsjef Dag Landbakk

Far Dag Landbakk har ei fortid i RaumaRock

Foto: Ken Alvin Jenssen

Odin og Frode har elles hatt gleda av å spele saman, som på «Tahitifestivalen» i Kristiansund. Odin har også vore med i ei rekke andre arrangement rundt om, mellom anna rockefestivalen «Back In The Fields» i Ålesund.

Rockebakgrunn

Og når det er snakk om rockefestivalar så fell som kjent ikkje eplet langt frå stammen, heller ikkje i musikalsk samanheng. Far Dag Landbakk har lang fartstid som festivalsjef og dagleg leiar av RaumaRock, og kan nok ha spelt ei viss rolle for musikkinteressa til årets vinnar av Norske Talenter, Odin Landbakk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL