Hopp til innhold

Det har gått fire snøras i Geirangerfjellet

Først gjekk det to snøras i Geirangerfjellet laurdag ettermiddag og vegen vart stengt. Seinare har det gått to ras til. Vegen vert stengt til måndag.

Snøras i Geiranger

Dte har gått fire snøras i Geirangerfjellet i dag.

Foto: Statens vegvesen

Det er store snømengder i Geirangerfjellet samanlikna med andre år. Vegen mellom Geiranger og Langvatn vart rydda for snø og opna for sommarsesongen 13. mai. Natt til laurdag vart vegen nattestengt på grunn av snø og vanskelege køyreforhold. Vegen opna att i 13- tida, men vart stengt attnokre timar seinare på grunn av snøras. Til saman gjekk det fire snøras laurdag. Ingen personar kom til skade.

– Ras nummer to var det største og kom frå 150 meters høgde, seier Erna Varhaugvik i Statens vegvesen.

LES OGSÅ:

Snøras i Geirangerfjellet

Vegen over Geirangerfjellet vert stengt til søndag morgon. Då vil Statens vegvesen ta ei ny vurdering. Dette biletet er tatt kl 13 då vegen vart opna i nokre timar.

Foto: Statens vegvesen

Vegvesenet har fått spørsmål om vegen kan opnast for kolonnekøyring, men entreprenøren som har ansvaret for området meiner det ikkje er trygt. Vegen vert difor stengt til måndag, då det vert gjort ei ny vurdering.

Varhaugvik veit at fem turistbussar skulle kome til Geiranger laurdag kveld. Dei må anten køyre via Trollstigen eller Stryn. Også i Trollstigen kan vegen bli stengt på kort varsel.

Brøyter for fullt i Geiranger

Brøyting på Geirangerfjellet før opninga av vegen.