Hopp til innhold

Det går Wizz Gdanske bra

Den nye flyruta mellom Ålesund og Gdansk har ikkje starta opp enno. Likevel aukar Wizz Air talet på avgangar på ruta.

Wizz Air

Slik ser flya til Wizz Air ut. Ruta mellom Gdansk og Ålesund ser ut til å bli svært populær.

Foto: Pressebilde / Wizz Air

Ruta mellom Ålesund og Gdansk blei presentert 13. september i år. Etter planen skulle ruta ha 2 avgangar i veka og ta til 1. april 2013.

– Det er så stor interesse for den nye flyruta, at Wizz Air har bestemt seg for både å framskunde starten, og å auke talet på avgangar frå 2 til 3, seier lufthamnsjef Tor Hånde.

Tor Hånde

Tor Hånde er lufthamnsjef på Vigra.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Wizz Air tek til med flygingane frå 14. mars 2013. Avgangane frå Vigra til Gdansk blir klokka 16.05 på tysdagar, torsdagar og laurdagar.

Flyturen skal bli billigare enn turen med den lokale flybussen frå Ålesund til Vigra, sa Stijn Vandermoere då ruta blei presentert i september.

Stijn Vandermoere

Wizz Air skal flyge passasjerane mellom Noreg og Gdansk for ein billegare penge enn det kostar å ta den lokale flybussen, seier Stijn Vandermoere.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ei av årsakene til den sterke satsinga på Noreg er det aukande talet på arbeidarar frå Polen i norsk industri og byggjeverksemd. Dette har vore særleg utslagsgjevande i satsinga på Ålesund og Vigra. I dei omkringliggjande kommunane er det eit stort polsk innslag i verftsindustrien.

– Det er svært mange polske arbeidarar i dette distriktet. No får dei ein mykje enklare måte å reise fram og tilbake mellom Noreg og Polen. Vi har heile tida meint det er grunnlag for ei rute mellom Noreg og Polen, på grunn av dei mange polske arbeidarane i området, sa Tor Hånde.