Hopp til innhold

Det er opp til Mannen om dei evakuerte får feire jul heime

Innbyggjarane på Horgheim under Mannen i Romsdalen vart evakuerte på grunn av den store skredfaren. Men skredet frå Mannen let vente på seg, og det gjer også turen heim.

Evakuerte får hente ting hjemme under Mannen

Fleire av dei evakuerte fekk den 30. oktober dra tilbake til husa sine for å hente fleire eigendelar. No har nesten alle dei evakuerte flytta inn i nye bustadar.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Arnt Olav Herjehagen

Arnt Olav Herjehagen fortel at dei har funne gode og langsiktige løysingar for dei evakuerte i Rauma.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Dei 11 evakuerte har no budd vekke i to veker. Nokre hos familie, andre hos vener, men no har alle fått tilbod om eigne stader å bu.

Det er berre ein månad til jul, og mange av dei kunne nok ha tenkt seg å feira høgtida i sitt eige hus. Men det er det berre Mannen som kan bestemme.

– Det er for tidleg å seie når dei får flytte heim. Beredskapsgruppa og dei evakuerte er innstilte på at det kan ta lang tid, seier kommunikasjonsrådgjevar i kommunen, Arnt Olav Herjehagen.

Bidreg med å dekke utgifter

Herjehagen fortel at dei elleve evakuerte har fått butilbod som kan vare over tid.

– Finansieringa av dette vil vere ein kombinasjon av dei evakuerte si forsikring og bidrag frå kommunen.

Tett dialog med dei evakuerte

Rauma kommune har stilt opp for dei evakuerte, og har hjelpt til med å finne nye bustader slik at dei evakuerte skal ha ein stad å feire jul.

Mannen

Det er opphaldsforbod i området under det skredutsette fjellet Mannen i Romsdalen. Men for ei veke sidan fekk dei evakuerte lov til å hente eigendelar frå husa sine.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

– Vi ska hjelpe dei med det dei treng viss dei treng å kjøpe inn nye ting til bustadane sine.

Men husa er privateigde av innbyggjarar frå Rauma. Dette er ifølgje Herjehagen ei ordning som skal fungere både over kort og lang tid.

Opphaldsforbod på Horgheim

Ni personar har fått flytta inn i nye heimar, medan to, som har hatt nokre utfordringar med å finne passande husvære, står no med to valalternativ. Fleire av dei evakuerte har allereie fått reist heim ein gong for å hente fleire nødvendige gjenstandar. Herjehagen er usikker på om dei får gjere det fleire gonger.

– Det er opphaldsforbod i området, og viss dei har behov for å hente meir må dei vende seg til politiet.

Mannen 3. november