Hopp til innhold

Muslimar demonstrerer i Volda

Muslimar frå Søre Sunnmøre har i kveld samla seg for å vise sin motstand mot IS.

Muslimar frå Søre Sunnmøre har i kveld samla seg for å vise sin motstand mot IS.

Rundt 40–50 personar er i kveld samla for å vise sin avsky mot IS. (Foto: Halvor Njerve)

Demonstrasjon i Volda

Demonstrasjonen starta ved rådhuset i Volda.

Foto: Halvor Njerve / NRK

Rundt klokka 18 i kveld møttest rundt 40–50 personar utanfor rådhuset i Volda. Både store og små var med og bar plakatar med slagord.

Uthman Abu Harbid har budd i Volda i fem år og er ein av initiativtakarane til demonstrasjonen mot IS. (Den islamske staten).

Muslimar er ikkje slik

– Muslimar i Noreg og heile verda er i mot det terrororganisasjonen gjer mot sivile folk. Vi må ut på vegen og vise at vi ikkje er slik, seier Uthman Abu Harbid. I kveld er muslimane saman for fred.

LES OGSÅ:

Ynskjer fred

Demonstrasjon i Volda

Også borna var med i demonstrasjonstog tysdag kveld.

Foto: Halvor Njerve

Dei har fått tillating både frå politiet og Volda kommune til demonstrasjonen. Måndag viste rundt 5000 menneske sin avsky mot IS under ein demonstrasjon i Oslo. Harbid seier at det vert ein liknande demonstrasjon i kveld, men med færre menneske.

– Vi går i sentrum med plakatane våre. Vi ynskjer fred, seier initiativtakaren. Han vil at folk skal forstå at dei er motstandarar mot vald og IS står for.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL