Hopp til innhold

– Eg klarar ikkje å halde meg unna

Hanna Fylling Ellingseter er ein av dei meir erfarne deltakarane under helgas fylkesmønstring i UKM. 18-åringen frå Vestnes greier rett og slett ikkje å halde seg unna.

Hanna Fylling Ellingseter
Foto: silje bjerknes / nrk

– Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å delta i år, for eg har så mykje elles med både skule og andre aktivitetar. Men eg greidde rett å slett ikkje å halde meg unna, seier ho og ler.

18-åringen frå Vestnes er ein av dei meir erfarne UKM- deltakarane. Ellingseter har deltatt på fylkesmønstringa i UKM fire gongar tidlegare, og i fjor gjekk ho også vidare til landsmønstringa i Trondheim.

– Det eg likar best med UKM er at det først og fremst er sosialt. Det er ikkje å gå vidare som er stas, men alle personane du møter og erfaringane du får, seier ho.

Likar å utfordre seg sjølv

For to år sidan brukte Ellingseter plastikkoppar for å akkompagnere songen ho framførte. I fjor leste ho eit sjølvskrive dikt inspirert av konsentrasjonsleirane i Tyskland, som ho besøkte då ho gjekk i tiande klasse.

– Eg sat igjen med så mange sterke inntrykk etter den turen, at eg måtte få dei ned på papir.

Hanna Fylling Ellingseter og bandet thumbs up

Hanna Fylling Ellingseter og bandet thumbs up.

Foto: silje bjerknes / nrk

Årets bidrag er minst like unikt. Saman med resten av bandet sitt «Thumbs up» framførte ho ei fiskevise av Pål Moddi Knutsen.

– Nokre vil kanskje sei at den er litt spesiell, men det er det eg likar med den. Eg likar å utfordre meg sjølv og gjere noko litt utanom det vanlege. Det er det som er så bra med UKM, det opnar opp for det meste, seier Ellingseter.

Inspirasjonen fekk ho under landsmønstringa i fjor, då Pål Moddi Knutsen sjølv song låten for deltakarane.

– Eg syntest den var så tøff, og eg hadde veldig lyst å lage min egen vri på den. Eg meiner vi har fått til ein veldig bra versjon, som blir betre og betre for kvar gong, seier Ellingseter.

– UKM er veldig viktig

Ungdomens kulturmønstring (UKM) har i løpet av åra utvikla seg til å bli landets største offentlege satsing på ungdomskultur.

Hanna Fylling Ellingseter
Foto: silje bjerknes / nrk

– Eg hadde aldri vore der eg er i dag utan UKM. Det gav meg ein arena å opptre på som var seriøs, og som eg har lært mykje av. Du får eit veldig bra støtteapparat som hjelper deg opp og fram, seier ho.

18-åringen rosar UKM og opplegget rundt.

– Opplegget er veldig proft, alt frå lyd og lys til arrangørane. Dei tek vare på ungdomane, rettleiar dei og roar dei ned bak scena når det trengst, seier Ellingseter.

– UKM gir ungdom ei scene der dei kan vise fram seg sjølv og talenta sine. Det er mange som ikkje har moglegheit til det elles, men her kan alle delta, uansett talent, held ho fram.