Hopp til innhold

Darnel Situ aktuell for Hødd

Hadde si første trening med Hødd onsdag ettermiddag.

Darnel Situ aktuell for Hødd

Franskmannen Darnel Situ er truleg klar for Hødd, det opplyser klubben på sine nettsider.

Foto: Hødd IL

Det opplyser fotballklubben på sine nettsider onsdag.

– Om alt går etter planen vert Darnel Situ Hødd-spelar ut 2015-sesongen. Dei formelle tinga er ikkje heilt på plass enno, men han har si første trening med Hødd onsdag kl. 15.30, skriver klubben.

Den 23 år gamle midtstopparen har 50 landskampar (U-16 til U19) for Frankrike på aldersbestemt nivå, der han i dei fleste var kaptein.

I slutten av juli prøvespelte franskmannen for Sogndal.

Han starta karriera i den franske toppserieklubben Lens, men vart solgt til Premier League-klubben Swansea i 2012. I august 2014 signerte han for danske AGF Aarhus, før han no etter all sannsynligheit vert Hødd-spelar.