Hopp til innhold

Damien Hirst på Flø

Verdsberømt og omstridd kunstnar stiller ut på Studio Hugo Opdal i Ulstein.

Damien Hirst: "Arrested development"

'Arrested development' - ein hovudskalle i sølv - kjem til Flø

Foto: Studio Hugo Opdal / Paul Stolper Gallery

Briten Damien Hirst (43) har hittil stilt ut kunsten sin i galleri i storbyar. No blir det fjell og sjø som skal omkranse verka hans.

- Å få ein så stor kunstnar til eit lite galleri i bygde-Noreg skal eigentleg ikkje gå an, men utrulege ting kan skje om du brukar begeistring som drivkraft, seier gallerist Hugo Opdal.

Provoserer

Hirst har provosert mange, bl. a. med "Mother and Child Divided" (Mor og barn skilde), ei ku og ein kalv som begge var delte i to og viste fram i formalinbehaldarar.

Damien Hirst: "Sceptic" (silketrykk)

Sceptic (silketrykk) blir stilt ut på Flø

Foto: Studio Hugo Opdal / Paul Stolper Gallery

Svimlande prisar

Nyleg blei fleire hundre av verka hans selde på auksjonshuset Sotheby's i London for over ein milliard kroner.

Salsutstillinga i Studio Hugo Opdal inneheld 19 silketrykk og 2 skulpturar. Skulpturane er ein hovudskalle i sølv og eit trekors dekorert med tablettar.

Utstillinga på Flø er open frå 16. november til 28. desember. Det er enno ikkje avgjort om kunstnaren kjem til opninga.

Damien Hirst foran et av sine verk.

Hirst ved eit verk som ikkje kjem til Flø

Foto: SHAUN CURRY / AFP